Korleis få bygd ut småkraft-konsesjonane?

(24/09/2018) No er det veldig mange som sit på ein småkraftkonsesjon, men som ikkje har kome i gong med utbygging. Vi i Småkraftforeininga ønsker no å setja fokus på dykk. Særleg fordi fristen for å få med seg elsertifikata nærmar seg. Kraftverket må setjast i drift innan utgangen av 2021 for å få desse sertifikata.


Småkraftforeininga har i samband med at det er så mange som har fått konsesjon utan å byggja ut, fått utarbeide Småkraftrapporten som du finn inne i bladet og som digitalt verktøy på nettsidene våre.

Då det verkeleg tok av med småkraftutbygging i landet vårt, var det meir vanleg å byggja ut i eigen regi, enn det var å setja det vekk til eksterne aktørar. Bankane krov ofte ikkje meir eigenkapital enn kravet for å starte eit AS, som var 100 000 kroner. Det er døme på at kraftverk fekk låna over 50 mill. med ein eigenkapital på 100 000 kroner. No er det ikkje mogleg å få slike lånevilkår. No må ein inn med ein mykje større eigenkapital, noko som gjer det vanskelegare å byggja ut i eigen regi. Småkraftforeininga skal ikkje ta stilling til kva som er rett for den enkelte, men peika på ulike scenarier ein må tenkja på før ein tek ei avgjerd om ein vil byggja ut i eigen regi, eller setja det vekk til eksterne aktørar.

Det er alltid risiko ved å byggja eit småkraftverk. Det er ulik risiko under utbyggingsfasen og  driftsfasen. Når ein skal investera i eit småkraftverk, må ein vurdera likviditeten (evna til å betala). Er evna til å betala dårleg, kan eit i utgangspunktet bra prosjekt gå konkurs ved uføresette problem under utbygginga. NVE sin rettleiar for bygging av småkraftverk tilrår at utbyggingskostnadane bør vera lågare for ein privat aktør, enn for eit stort selskap, fordi større selskap har meir kapital.

Det er ulike måtar å finansiera utbygging av småkraftverk på. Vanlegast er gjerne tradisjonell bankfinansiering. Det finst også ulike utanlandske aktørar som er komne inn og vil vera med på å finansiera utbygging av småkraftverk. Småkraftforeininga har ingen problem med at utanlandsk kapital kjem inn. Alternativet kan jo fort vera at det kanskje ikkje blir utbygging.

Thema Consulting har laga ein rapport i 2017 etter oppdrag frå Småkraftforeininga der dei set lys på samfunnsnytta av utbygginga av småkraftverk. Dei skriv at utbygde småkraftverk gir eit årleg bidrag til BNP på om lag 2,5 milliardar kroner. Bygg vi ut resten av småkraftpotensialet, kan det gi eit samla bidrag på vel 50 milliardar kroner over småkraftverka si levetid. Det vil og generera over 13 000 årsverk over kraftverka si levetid, står det i rapporten.

Det er mange døme på at det poppar opp lokal industri som lagar turbinar og anna utstyr til småkraftverka. Eg har sjølv vore og sett fleire av desse lokale verksemdene som har bygd seg kraftig opp pga. utbygginga av småkraft. Her kan eg  til dømes nemna Yndestad Mekaniske i Bygstad som leverer røyr og luker til småkraftverk. Eit anna slikt selskap er Reins Maskinering på Husnes som lagar turbinhjul og andre deler til småkraftverk. Dette viser at det er mange positive ringverknader med småkraftutbygging. Så det vil vera samfunnsnyttig at endå fleire småkraftverk blir bygde.

 

Lars Emil Berge

Styreleiar, Småkraftforeninga

Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog