logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Sverre er optimist


Sverre Heidal er eit kjent småkraftnavn.
Sverre Heidal og Hordaland Rørteknikk er langsiktige optimistar på småkraftas vegne. Du kan møte han og firmaet på Småkraftdagane i Stavanger 28. - 30. mars.

Lagt ut 09/03-2017

I vår serie med utstillarar på Småkraftdagane er me komne til Hordaland Rørteknikk ved prosjektleiar Sverre Heidal. 

Kvifor deltek du på "Småkraftdagane" ?  

- For meg som kraftverkseigar har Småkraftdagane og foreninga sitt arbeid vore avgjerande for at me kan sove godt om natta, med over gjennomsnittet interesse for vannkraft og fornybar energi er dagane eit av høgdepungtet i året der me treff bransjefolk med same interesser. Som utstyrs leverandør er dette den største møteplassen me har, saman med kundar og samarbeidsbedrifter.
 
Kor mange år har du vært med? Er det nokon år du huskar spesielt godt ?

- Eg har vore med sidan messa var i Haugesund, kva år det kan eg ikkje minnast. Eg huskar godt Ålesund i 2012 då hadde me med oss et Heidalinntaket for første gang … då fekk me mange gode forslag på kva dette var. 
 
Korleis tror du utviklinga i småkraftenbransjen blir dei kommande åra ?  

- Me har blitt langsiktige optimistar,  me hadde jo håpt at forutsetningane for lønnsom drift hadde vor betre enn det me har sett og ser ut for å bli dei første åra.  Dei fornybare ressursane me haustar, er her for all framtid ! Framtida kjem til å bli meir og meir elektrisk og då er me på rett spor.
 
Hva slags produkt / tenester leverer selskapet du representerer ?

- Me har bygd mange små kraftverk og er innom det meste, frå planlegging til ferdige anlegg , det største produktet vårt er levering og montering av  PE røyr og inntak med delar av PE, avsluttar Sverre Heidal.

Her kan du melde deg på Småkraftdagane. 


Kalenderen:
04/05-2017:
Kraftseminaret 2017 - Grette