logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Alt klart for Småkraftdagane 2018


Frå arrangementet i Bergen i 2016
Bergen blir, som i 2016, vertskap for heile småkraftbransjen, når grunneigarar, kraftverkseigarar, utbyggarar, forvaltning, rådgjevarar, finansmiljø og ustyrsleverandørar samlast på «Småkraftdagane», 20. – 22. mars.

Lagt ut 28/11-2017

Interessa for arrangementet har alltid vore stor her, fordi vestlandet sin hovudstad har mange reisealternativ, anten ein vil fare med tog, fly, buss, bil eller båt. I 2016 deltok over 450 personar på desse bransjedagane !

Nest års arrangement er lagt til Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen, der vi også var i 2016. Hotellet er lokalisert på Sandsliåsen nr 50, om lag 10 minutt køyring frå flyplassen på Flesland austover mot sentrum.

Dei seinare åra har konferansen samla eit 50-talls leverandør- og konsulentfirma med messeplass. Fjorårets utstillarar vil i løpet av desember bli informert direkte med neste års messekart, prisar etc.

Arrangementet skal gje fagleg påfyll av tidsaktuelle tema, og legge grunnlag for nettverksbygging i bransjen. Hovudtrekka i konferansen fylgjer malen frå tidlegare år, der bookinga av hotellrom og delegat-aktivitetar startar 2. januar.

Detaljane i konferanseprogrammet og messekartet blir distribuert i «Småkraft-Nytt» nr 1/2018. Har du innspel til konferansen og tips til foredrag så kontakt gjerne foreninga.

Kalenderen:
20/03-2018:
Småkraftdagane 2018