logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Falske fakturaer


Referansen på fakturaen er "Mats Koppang"
-Førstehjelpspakkar høyrer heime i kraftverka, seier organisasjonsrådgjevar Terje Engvik i Småkraftforeninga. Men 20.000 kroner for tre uleverte pakkar frå Beograd må ein absolutt ikkje betale.

Lagt ut 15/12-2017

Småkraftforeininga har fått fleire meldingar om falske fakturaer dei siste dagane. Varen og prisen er den same på alle fakturaene: Kr. 19.770 for tre førstehjelpspakkar. Men svindlarane bak har vore kreative og laga ulike firmanamn som utstedarar. På nokon av fakturaene er det berre ein førsthjelps-kross oppe til venstre. På andre er det nytta namnet på konkursfirma i Sverige kopla med faktiske adresser.

- Det er ikkje så vanskeleg å sjå at fakturaene er falske, seier Engvik. Og småkraftbransjen er truleg eit dårleg treff for dei som vil ut for å svindle, med svært oversiktlege administrative tilhøve i bedrifta. Likevel har dei som står bak vore kreative med referansenamna - berre heilnorske namn frå distrikts-Noreg. Rådet til dei som får slike fakturaer i posten er klart: La dei gå rett i boss-spannet.

Kalenderen:
20/03-2018:
Småkraftdagane 2018