logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Elsikkerheitskurs under Småkraftdagane


Instruktør Dagfinn Nilssen held kurset i Bergen i mars - nett som på Småkraftdagane i Ålesund for 3 år sidan
Under Småkraftdagane i Bergen i mars er det tilbod om kurs for å fornye elsikkerheitsopplærniga - eller ta den for fyrste gong. Ein har valet mellom tysdag kveld 20. mars og torsdag ettermiddag 22. mars. Kurspåmelding skjer som ein del av påmeldinga til Småkraftdagane.

Lagt ut 22/01-2018

I år har det gått 3 år sidan Småkraftforeninga for fyrste gong arrangerte kurs for instruert personell berekna på småkraftvakter under Småkraftdagane i Ålesund. Kurstilbodet kom på plass etter at DSB i samband med tilsyn hadde fokusert på kravet om instruert opplæring for småkraftvakter som skal kunne handtere brytarar og vern. Seinare same året tok mange FSE-kurset på regionale kurs som Småkraftforeninga køyrde kring i landet.

Hovudregelen for FSE-kurs er årleg opplæring/ repetisjon. Mange av medlemmene i Småkraftforeninga reagerte på at vaktene måtte ta kurset opp att kvart år - ut frå driftssituasjonen på småkraftverket og arbeidssituasjonen for småkraftvaktene, som skil seg mykje frå anna personell som har arbeidd knytt til el-installasjonar. Etter ein grundig prosess med DSB i 2016 fekk Småkraftforeninga gjennomslag for at eit typisk medlemsverk i Småkraftforeninga kunne leggje inn i internkontrollsystemet sitt at elsikkerheitsopplæring normalt skulle skje kvart tredje år.

I 2018 må altså alle dei som tok kurset i 2015, fornye opplæringa. I tillegg er det ein de småkraftverk som enno ikkje har hatt FSE-kurs for småkraftvaktene. Fyrste høve vert under Småkraftdagane i Bergen. Vidare framover ettervinteren og våren og til hausten vil Småkraftforening arrangere kurs kring i landet.

Dei som ynskjer å ta opplæringa i samband med Småkraftdagane, melder seg på kurset som ein del av påmeldinga til Småkraftdagaen. For dei dette ikkje høver for, vil Småkraftforeninga gjerne ha oversyn over dei som ynskjer kurs nær kraftverket seinare i år. Kurset tek ca. 3,5 timar.

Meld difor frå om interesse for lokale kurs i 2018 til :
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik
E-post: terje@smakraftforeninga.no
Tlf.: 975 17 111


Kalenderen:
20/03-2018:
Småkraftdagane 2018