logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Småkraftprisen 2018 til NVE



Norges Vassdrags og Energidirektorat fekk småkraftprisen 2018 under Småkraftdagane i Bergen onsdag. NVE får prisen for å ha avvikla konsesjonskøen på fire år.

Lagt ut 21/03-2018

Slik er grunngjevinga frå styret i småkraftforeninga:

Forløparen til denne organisasjonen må ein heilt attende til den 8.juni 1804 for å finna.
Då skreiv Danskekongen ut ein resolusjon som fekk namnet Canal-Directionen og som fekk mykje å seia for samferdsla i Noreg med fløyting av tømmer og anna ferdsel.
I 1998 fekk dei namnet dei har i dag, og som alle oss som sit her i salen kjenner som Norges Vassdrags og Energidirektorat. På folkemunne kalla NVE.
Dei har sjølvsagt nå fått ufatteleg mange fleire oppgåver enn då dei starta for over 200 år sidan.
Ei av oppgåvene dei har hatt dei seinare åra er å handsama uhorveleg mange søknader om bygging av småkraftverk.
Eg hugsar enno kor stolt eg var den 8.mars 2006 då vi fekk vår søknad godkjent etter kun 1 år handsaming. 17.09.2008 leverte vi våre første KW på nettet.
Før dei starta den såkalla garantiperioden i 2013-2017 låg 735 konsesjonssøknader å venta på handsaming.
I denne garantiperioden har NVE handsama 859 konsesjonar. Dette er 124 konsesjonar meir enn dei lova.
NVE har med andre ord overoppfyllt det dei lova når dei gjekk inn i garantiperioden i 2014.
Ut frå denne grunngjevinga er det ein veldig verdig prisvinnar som i år får småkraftprisen.
Til lukka med småkraftprisen 2018 NVE!

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda