logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Bjørn Lauritzen takkar av



Etter mange år i småkraftforeninga, både som dagleg leiar og styreleiar, takka Bjørn Lauritzen av på årsmøtet i Bergen. Han blir avløyst av Lars Emil Berge som har vore medlem av styret i mange år.

Lagt ut 22/03-2018

Lars Emil Berge hadde fylgjande takketale under festmiddagen onsdag kveld:

For ein fantastisk jobb du har gjort for småkraftforeininga først som dagleg leiar i fleire år, og no som styreleiar sidan 2014.
Du har ein namnebror i skogen som er konge i sitt område. Du Bjørn har jammen vore konge på ditt område.
Der skogens rovdyrkonge angrip sine offer med dødsforakt, går du Bjørn til angrep med velformulerte, gjennomtenkte, reflekterte og slagkraftige argument som slår ihjel eitkvart motargument som måtte koma.
På denne måten har du Bjørn fått i hamn mange sigrar for oss.
Eg kan ikkje bruka kvelden på å nemna alle sigrane
du har styrt i hamn, difor nemner eg her nokre utvalde:
*Fritak for grunnrenteskatt for kraftverk under 5,5 MVA.
*Gjennomslag for fritak for balanseavregning for kraftverk under 3MW.

*Småkraftverk under 10 MVA fekk fritak for grunnrenteskatt i 2015

Og sist, men ikkje minst:
*Rett før jul i 2014 gjekk flagget til topps i flaggstonga hjå meg då det blei klart at regjeringa ville gå inn for at alle kraftverk under 10MW som var bygde etter 2004 også kom med i ordninga for elsertifikat.
Denne saka hadde då hengd ved foreininga sidan den starta.

Du har vore ein einar Bjørn, men du har også vore ein fantastisk lagspelar som veit å spela på medspelarar dine sine styrkar. På denne måten har du vore med og gjort småkraftforeininga til ein sterk og slagkraftig organisasjon som har sett sine spor i det politiske miljøet.
Så Tusen Takk Bjørn, for alt du har gjort for oss, og så ynskjer me deg alt godt i framtida.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda