– Det er pensjonen min eg sikrar, eg reknar ikkje med å tene pengar dei fyrste åra, seier Stig Høgetvveit (31) i Seljord. Han bygger ut minikraftverk for 5 millionar kroner på eigedomen sin. Pengane låner han i banken.
Det er snart fem år sidan Stig Høgetveit starta planlegginga av kraftverket. Etterkvart har han samla fleire permar med brev – både til potensielle leverandørar, miljøstyresmakter, NVE, kommune og E-verk. Men no er prosjektet i gang.
-Eg vel å tenke langsiktig når eg bygger ut, og legg opp til å ta ut maksimalt av Kvennhusåi. Derfor må eg også investere om lag fem millionar i anlegget. Det gjev ein kostand på 1,62 kroner per årsprodusert kilowattime, seier Stig som meiner det kan gå mange år til han ser resultatet på bankkontoen.
-No sår eg, dei neste åra skal det mogne. Fyrst om mange år kan eg hauste. Det blir som å plante skog seier han.
Ein leverandør har vore med på å ta prosjektet som eit prøveprosjekt, dermed får han noko av utstyret rimelegare. Men det er mykje som kostar, blant anna fleire kilometer skogsbilveg for å kome fram til anlegget i Kvennhusåi. Ei 1500 meter lang høgspentline måtte også byggast for å få levert straumen.
Etter eit halvt års anleggstid nærmar prosjektet seg slutten. Endeleg reknskap er ikkje gjort opp, men dei budsjetterte kostnadene fordelar seg slik:
Inntaksdam: 346.000
Rørgate: 1.210.000
Vegar: 100.000
Kraftstasjonsbygg: 500.000
Teknisk utstyr: 2.000.000
Linetilknytning: 525.000
Andre utgifter: 1.354.000
Stig Høgetveit har vore i kontakt med ulike kjøparar av kraft, men inntil vidare skal den lokale leverandøren, Vest-Telemark Kraftlag ta imot straumen.
Straumprisen i åra framover vil sjølvsagt vere avgjerande for økonomien i prosjektet.
– Prisane kan gå både opp og ned dei næraste åra. Men eg har ikkje så stor tru på ein kraftig prisake dei næraste ti åra, til det produserar Sverige for mykje straum. Det einaste som kan endre på det, er at svenskane legg ned atomkraftverka sine.
Men Kyoto-avtala kan også påvirke prisen dersom det blir innført "grøn straum". Straum produsert av fornybar energi kan då kome opp i 20-25 øre, trur Stig Høgetveit. Nye kratliner til Tyskland trur han ikkje vil dra opp prisen.
– Lina vil heller jamne ut prisane og fjerne toppane, seier han.
Men Stig har tru på at kraftverket på 1000 kW skal gje inntekter om nokre år dersom alt fungerar.
Til andre store utbyggarar har han fylgjande råd:
– Finn dei rette kontaktane, og ver sikker på at du kan stole konsulentane dine. Ein blir ikkje ferdig utlært konsulent av å bygge eitt kraftverk, større anlegg krev fleire års utdanning for å prosjektere, seier han.