Kjetil Negarden (58) i Vinje i Telemark er så heldig at han har eit regulert vassdrag rennande forbi stogedøra. 20 år etter at han gjennomførte draumen om eige kraftverk, har han tre turbinar og leverer frå seg 3,5 Gwh i året. I tillegg har han gratis straum i store mengder til gartneriet sitt
-Å kjøpe straum til å halde varmen i gartneriet vinterstid er ikkje butikk – det blir bare å byte pengar, tenkte Kjetil Negarden i Smørklepp i Vinje. Like ved gartneriet renn Smørkleppåi som regulanten Statkraft har forplikta seg til å sende 2 m3 vatn i sekundet i om sommaren og 0,5 m3 om vinterstid. Under Tokke-utbygginga på 1960-talet blei det bygd store kraftverk både lenger opp og lenger ned i vassdraget.
I 1982 bygde Negarden sitt fyrste kraftverk der han nytta ti meters fall.
-Eg fekk tak i ein dobbel Francis-turbin frå 1922 som var montert i eit nedlagt kraftverk i Lakshølfossen i Seljord. 50.000 kroner gav eg for det komplette anlegget og no har det produsert 122 kW gjennom 20 år utan større reparasjonar, seier han.
Negarden er heldig som har eit regulert vassdrag. Dermed har han jamn vassføring heile året.
Den fyrste turbinen gav meirsmak og det var meir vatn å ta av. Fire år seinare bygde han kraftverk nummer to med ein Kaplan-turbin som yter 200 kW. Frå inntaksdammen og fram til turbinane har han bruka glasfiberrør med ein meter i diameter. Røra er pakka inn i bark for å unngå frost, men det største problemet er underkjølt vatn i bekken om hausten fram til isen legg seg på inntaksdammen.
Kraftverk nummer tre
I 1999 kom den tredje store investeringa – eit kraftverk 9 meter nedanfor dei to andre som lagar 320 kW med ein Kaplan-turbin. Men å legge dei 150 metrane med rør mellom dei to kraftverka var ingen enkel sak, derfor valde Kjetil Negarden å sprenge ut ein tunnel med eit tversnitt på 6 kvadratmeter.
– Det var heller ikkje billig, men eg angrar ikkje på det no. Tunnelen er både vedlikehaldsfri og frostsikker, seier han.
Den nyaste stasjonen kosta 3,5 millionar kroner og kan produsere 320 kW.
Den siste stasjonen er eit moderne anlegg med elektronisk styring. Skjer noko feil, får han straks SMS-melding på mobiltelefonen. Generatoren er spansk og turbinen er laga i Drammen. Bjarne Nereng har tatt seg av prosjekteringa av anlegget som kosta 3,5 millionar kroner.
Låge prisar
Før anlegga er nedbetalte, er det ingen gullgruve for kraftprodusenten i Vinje.
– Prisane på straum er svært låge for tida og har stått stille i mange år. Heldigvis har eg ein 5-årskontrakt med fastpris hos Vest-Telemark Kraftlag (VTK) slik at eg klarar å betjene gjelda mi. Der har eg forhandla meg fram til ein pris på 17 øre, seier han.
I det 11.000 kvm store gartneriet med tomater, vårblomar og jolestjerner går det 130 kW til oppvarming når alle omnane står på. Resten av straumen sel han til VTK.
Vanskeleg lovverk
Kjetil Negarden hadde gjerne sett at fleire utnytta ressursane og bygde småkraftverk.
– Det er alt for få fullførte anlegg her i landet. Hadde me fjerna miljøvernavdelingane hos fylkesmennene hadde alt gått mykje betre. Dei er ekspertar i å hale ut tida, tordnar han. Eg har ein nabo som har prøva å få bygge ut ein bekk i 2-3 år, men får stadig avslag hos fylkesmannen. Dei ville verne bekken som ligg i tett skog og er langt frå synleg. Til slutt måtte han koste 60.000 kroner på ein konsulent for å få saka igjennom.
– Styresmaktene hindrar på alle måtar utbygging av småkraftverk. Dei burde fjerne alle avgifter og heller gje tilskot til småkraftverk. Dei er trass alt meir miljøvenlege enn dei store inngrepa, seier Negarden.
-Kva råd vil du gje andre som har planar om å bygge ut fossen sin?
– Det er viktig å snakke med folk som kan faget slik at anlegget blir rett dimensjonert. Fall, vassmengde, rørgate og turbinar må passe saman, elles blir det ikkje butikk, avsluttar Kjetil Negarden.