I terreng der det er vanskeleg å legge rørgate er det fleire som no vurderer å bore tunnel i staden. Fleire firma tar på seg horisontal boring, eller «mikrotunneling» som det heiter på fagspråket.
– Vi har to prosjekt på gang der vi planlegg boring av tunnel istaden for rørgate, fortel Truls Skeie i firmaet Energi-Teknikk. Rett nok er ikkje all finansiering og naboavtaler i boks, men planane er klare for eitt anlegg på Rennesøy og eitt i Hardangerfjorden, seier han.
Boring kan vere gunstig i område der ein må forankre rørgata på utsida av fjell og kanskje frakte betong inn med helikopter. Sjølv om det ofte blir dyrare, er fordelane mange med boring: Ein slepp inngrep i naturen, rørgata blir frostfri og så godt som vedlikehaldsfri.
Opp til 600 meter lengde
Båsum Boring er eitt firma som tar på seg boring av små tunnelar.
-Vi har ikkje bora for småkraftverk enno, men prisippet er jo det same for andre slag tunnelar, seier Trond Båsum. Vårt utstyr borar opp til 500 mm i diameter opp til 600 meters lengde. Og holet treng ikkje gå rett fram, boring i «bananform» går også greitt, sjølv om det tar litt meir tid å justere kursen under vegs.
Ved mikrotunneling blir det først bora eit pilothol. Deretter kan ein bore seg opp til den dimensjonen ein skal ha.
– Alt vi treng er ei boregrop på 2,5 x 7 meter, større er ikkje utstyret vårt, seier Båsum.
Teknikken i bruk på andre område
Anleggsområde der Drillteknikk er i gang med nytt prosjekt.
Firmaet Drillteknikk i Sandnes opererer med større utstyr og kan dermed også bore større dimensjonar,
– Teoretisk kan vi bore opp til 1,5 meter i diameter, men 600-800 mm er meir ideelt, fortel Ove Heggland. Då greier vi å bore opp til 1800-2000 meter.
Slik boring blir ofte bruka til Vatn- og kloakkledningar, straum og telekabler, kryssing av fjordar og undersøkingshol før ein bygger store tunnelar.
Men i terreng der det er lett å kome fram med rør er det framleis meir prisgunstig.
– Prisen på boring er avhengig av mange faktorar, men som ein peikepinn kan ein seie at eit 500 mm hol kostar 4000-5000 kroner per meter, seier Ove Heggland.