Vil ha meir forsking på minikraftverk

Meir effektive turbinar og ny teknologi vil gjere minikraftverk meir lønsame, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs til Kraftverk.net. Også i år vil regjeringa bruke tre millionar kroner påutvikling av ny teknologi. Men direkte tilskot til bygging er ikkje aktuelt.

Alt i Sem-erklæringa sa Bondevik-regjeringa at dei ynskjer å auke bruken av minikraftverk.
– Ved sida av å styrke sikker forsyning av kraft lokalt, gjev det også eit viktig bidrag til næringsutvikling i distrikta, seier statsråden som også peikar på at mini- og mikrokraftverk ofte kan etablerast utan at det kjem i konflit med naturinteresser i området.

– For å betre balansen mellom produksjon og forbruk framover, og gjere verknaden av tørrår mindre vanskeleg, er det behov for ei brei satsing. Vasskrafta vil framleis vere den sentrale elektrisitetskjelda – også i framtida. Regjeringa vil blant anna satse på det potensialet som ligg i bruken av mikro- og minikraftverk, i tillegg til opprusting av eksistrerande kraftverk, seier han.

Stør forsking
Men regjeringa vil ikkje gå inn på direkte tilskot til bygging av mini- og mikrokraftverk.
– I staden for å stø enkelte prosjekt økonomisk, er det etter regjeringas syn betre å gje stønad til prosjekt knytt til forsking og utvikling av ny teknokogi til bruk i småkraftverk, seier Einar Steensnæs.

Med ny teknologi, som for eksempel nye turbinar, vil kraftverka i større grad utnytte potensialet og produsere meir vannkraft enn i dag. I fjorårets statsbudsjett ble det løyvd 3 mill. kroner knytta til utvikling av ny teknologi, og denne satsingen blir videreført i årets budskjett.

Kan opne for utbygging i verna vassdrag
Etter gjeldande regelverk kan det ikkje gjevast konsesjon til bygging av verken små eller store kraftverk i vernede vassdrag. Likevel finns det prosjekt som fører til så små verknader i det verna vassdraget at det ikkje utløser konsesjonsplikt, og desse kraftverka vil vere lovlege i verna vassdrag.

– Det er vedtatt at den eksisterande Verneplanen for vassdrag skal supplerast. Ei styringsgruppe har utarbeidd eit framlegg til suppleringa, som no har vore på høyring. I høyringsdokumentet blir det gjeve uttrykk for at det bør opnast for konsesjonsbehandling av mikro – og minikraftverk i vernede vassdrag. Olje- og energidepartementet vil vurdere dette spørsmålet nærmere ved vår behandling av saka, seier Steensnæs.