– Det er veldig inspirerande å merke den entusiasmen som driftige menneske viser for å utnytte dei moglegheitane dette landet har når det gjeld småkraftverk, sa energiminister Einar Steensnæs på opninga av landsmøtet i Foreninga for norske småkraftverk i Bodø.
– Satsing på småkraftverk er god næringspolitikk, det er god distriktspolitikk, det er definitivt god miljøpolitikk, og ikkje minst er det god energipolitikk, sa statsråden.
Regjeringa har den siste tida lagt vekt på å gjere det mindre byråkratisk å få løyve til å bygge småkraftverk. NVE får større fullmakter, og eit forslag om å heve konsesjonsplikta etter industrikonsesjonslova frå 1000 til 4000 naturhestekrefter er ute på høyring. Kravet til å behandle saker under samla plan er også heva betydeleg.
Grøne sertifikat
Men mest interesse knyter det seg nok til grøne sertifikat.
– Ein pliktig sertifikatmarknad kan bli ein viktig del av energipolitikken og auke produksjonen av fornybar elektrisitet. Departementet tar sikte på innføring av ein felles norsk-svensk sertifikatmarknad frå 1. januar 2006. Snart kjem ei stortingsmelding om dette, seier Steensnæs.
-Departementet ynskjer å motivere til rask byggestart for nye anlegg, og derfor har me avgjort at alle anlegg med byggestart 1. januar 2004 også få vere med, forklarte statsråden. Men denne grensa har irritert mange av pionerane i bransjen, Dei som bygde før 1. januar 2004 går glipp av store inntekter når dei ikkje får vere med på sertifikatordninga. Einar Steensnæs opnar døra på gløtt, men vil ikkje love noko.
– Eg kan forstå at også desse vil vere med på ordninga, men målet er fyrst å fremst å fram ny produksjon av fornybar energi. Eg avviser dei ikkje, med vil sjå på saka utan at eg kan love noko her og no.
Medlemsauke
Statsråden var også imponert over den kraftige medlemsauken i Foreninga for norske småkraftverk der medlemstalet er dobla dei siste åra. Optimismen merkar også NVE som har ein stadig aukande søknadsbunke å ta hand om.
– Det er eit sett av verkemiddel som har utløyst dette saman med dei politiske signala som me no gjev. I tillegg kjem ny teknologi og teknologisk kunnskap som også aukar lønsemda for småkraftverk, seier energiministeren.
Heile innlegget frå Olje- og energiministeren kan du lese på http://www.dep.no/oed/norsk/aktuelt/taler/statsraad_a/026021-090085/dok-nn.html