Olje og energidepartementet kan kome til å innføre eit brunnfrådrag for berekning av naturskatt og grunnrenteskatt. Det er eit ledd i strategien for å auke etableringa av småkraftverk.
– Dette er meget godt nytt for ein del småkraftutbyggarar. I tillegg er dette også noko vi i Småkraftforeninga har hevda over lengre tid. Dette er eit tegn på at det arbeidet som foreninga gjer blir høyrt på og tatt på alvor, seier Isak A. Liland som er leiar i foreninga.
Slik reglane har vore til no er slik blir det rekna skatt av heile produksjonen at dersom utbyggar kom over grensa på 5 MW. Dette førte igjen til at mange valde å "underdimensjonere" anlegget for å kome under grensa. Det kunne vere lønsamt sjølv im installasjonen teknisk og miljømessig sett burde ha vore både 7 og 8 MW, opplyser Jens Aabel i NVE.
NVE har ikkje kunne gjort noko med utbyggarar som bygger for lite, og det er vanskeleg å avslå ein konsesjon bare utifrå dårleg ressursutnytting.
– Ei heving av grensa til 10 MW ville bare forskyve problemet, meir effektivt er å innføre eit bunnfrådrag der produksjonen for dei første 5MW er fritatt for naturressursskatt og grunnrenteskatt, meinte NVE og har sendt framlegget over til Olje- og energidepartementet.