Byggjer kraftverk for 200 millionar

Grunneigarane på Veitastrond i Luster seier no nei til alle energiselskap som vil bygge ut småkraftverk i bygda,melder NRK.

Dei har funne ut at dei sit på ei gullgruve som dei ikkje vil dele med andre, seier talsmann for grunneigarane, Jens K. Nes.

– Det er jo vi som eig dette, og å dele med andre er det ikkje alle som er med på, seier Nes.

Slag i ansiktet
Vedtaket som grunneigarane på Veitastrond gjorde i påska er eitt skikkeleg slag i ansiktet for Luster Energiverk og Småkraft AS. Dei to selskapa konkurrerte lenge om dei eksklusive fallrettane før dei slo seg ilag og gav grunneigarane eit nytt tilbod gjennom selskapet Luster småkraft. Men også det var nyttelaust.

Klondykestemning
– Vi vil eige åleine, seier Nes, som lett innrømmer at det om dagen rår ei slags klondykestemning i bygda.

– Ja, kvifor ikkje, når det er så store verdiar som står på spel? Mot å ta litt større risiko sjølv, vil vi få meir igjen, seier Nes.

Må skaffe 200 millionar
Luster småkraft ville bygge ut seks vassdrag på Veitastrond til ein samla verdi på rundt 200 millionar kroner. Grunneigarane skulle ikkje betale ei krone, berre dei var med på å gje frå seg 50 prosent av overskotet når kraftverka kom i drift. No må grunneigarane sjølve skaffe 200 millionar kroner, men det trur ikkje Jens K. Nes blir noko problem.

– Anlegget i seg sjølv er så godt at det ikkje blir problem å få tak i den kapitalen, mot pant i fallretten, seier Nes.

– Skuffa
Svein Halveg i Luster Småkraft legg ikkje skjul på at han er skuffa. Han forstår at grunneigarane på Veitastrond gjerne vil ha mest mogleg av si eiga kake, men Halveg trur likevel at dei hadde tent på eit samarbeid.

– Her er det snakk om veldig store ressursar som skal utnyttast, og eg trur dei har bruk for ein industriell aktør til å vere med å ta risikoen, seier Halveg.