Nyttig møteplass

Utstillarane på minimessa under årsmøtet i Stavanger står nærast i kø for å stille ut.
– Det er klart dette er ein viktig plass å vere med som utstillar, vi møter mykje folk, seier Anders Sæternes i Marintech Energi.

Dei er også på andre messer, men meiner småkraftmessa er blant dei beste.
– Mest alle her er i startgropa for å bygge ut eit vassdrag og er dermed potensielle kundar. Her er det seriøse spørsmål og lite tomprat, seier Sæternes.

Mange av dei potensielle kundane har ein fortid som kritikarar til regnver. No gler dei seg så fort det regner ute. Ein av dei er Per Vik frå Vikebygd.
– Eg har stort utbytte av å vere på både messa og fagkonferansen. Her kan ein sjå kva dei ulike leverandørane har å tilby.
Sjølv skal eg saman ein nabo bygge ut 5GWh. Då er det viktig å finne dei rette samarbeidspartnarane, seiet han.