Widvey peika på at strategien frå desember 2003 for å gjere det lettare å bygge småkraftverk har fungert.
– I 2004 blei det tildelt 27 konsesjonar, det er ei dobling frå året før, seier Widvey.
Men det er oppstarten av ordninga med "Grønne sertifikat" alle ventar på. Intensjonen er å starte frå 1.1.2007 fordi ein først vil få med seg evaluering av ordninga i Sverige.
– Det er heilt uaktuelt å bygge opp ein nasjonal marknad bare for Norge, presiserte statsråden, det må minst vere saman med Sverige.
Departementet tar sikte på å legge fram saka for Stortinget etter valet til hausten.
Frå salen var det frustrasjon over ikkje ha ein endeleg dato å forhalde seg til.
– Banken seier det ikkje er godt nok at ein tar sikte på å innføre grønne sertifikat frå 2007. Dermed er det vanskeleg å finansiere utbygginga, blei det sagt frå salen.
– Eg må forhalde meg til svenskane. som skal legge fram ei melding for Riksdagen og så ein proposisjon. Deretter kan eg lage lovforslaget. Men dette er jo også avhengig av om eg er minister til hausten, sa Thorhild Widvey.