-Prisane kan nå nye høgder

– Prisen kraftverkseigaren får betalt for straumen kan passere 50 øre/kWh i 2010, meiner Inger Anne Blindheim i GreenStream Network. Dei trur både høg kraftpris og grønne sertifikat vil gjere småkraftutbygging svært lønsamt.

Det var nok mange som reiste heim og fann fram kalkulatoren etter Blindheim sitt innlegg på årsmøtet i Småkraftforeninga i Stavanger. GreenStream Network AS har sett på framtidig prisutvikling fram mot 2020, og det lovar godt!

Dei svenske forbrukarane måtte bruke 8,1% fornybar energi i 2004. I 2010 skal kvoteplikten aukast til 16,9, dermed er det grunn til å tru at også prisen på slik kraft vil auke.

I Sverige sette dei eit sertifikat til 1 MWh. I mars 2004 var prisen oppe i 260 kroner for eit slikt sertifikat, no er det ca 200 kroner. Grunnen til nedgangen er at store aktørar sit med overskot av sertifikat.

GreenStream Network har sett på det norske lovforslaget slik dei trur marknaden blir.
– Signala viser ein svensk-norsk marknad, lang tidshorisont, alle nye fornybare prosjekt og 10 års tildelingsperiode. Men vi veit enno ikkje noko om ambisjonsnivået og sanksjonsavgifter.

Utan avgrensing i tildelingsperioden vil prisen på elsertifikat i 2007 ligg på rundt 170 kroner og rundt 200 kroner med 15 års tildelingsperiode. Prognosen viser at prisen vil auke til 270/350 kroner i 2016. Straumprisen vil truleg auke frå 200 kr/MWh til 250 kr/MWh.
Dermed kan den samla prisen kome heilt opp mot 60 øre/kWh om vel 10 år.

Dermed er konklusjonen klar:
– Ikkje sel rettane til sertifikata dine før lova er vedtatt, fyrst då ser ein verdien av fallet, seier Inger Anne Blindheim.