Etter å ha køyrt opp og ned stupbratte skogsbilvegar, kjem me fram til Kvennhusåi kraftverk som klorar seg fast i den tronge dalen. Her skal grunneigar Stig Høgetveit hente inntekter til gardsbruket som dyrehald ikkje lenger kan gje. Og han er ikkje åleine.
Fyrste halvår i år gav Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon for bygging av ialt 21 småkraftverk. Det er meir enn dobbelt så mange som ifjor. I tillegg kjem alle småkraftverka som ikkje treng konsesjon.
Mellom Seljord og Flatdal har Stig Høgetveit garden sin der vatnet kastar seg ned frå Mælefjell. På 1990-talet var han på leiting etter andre måtar å utnytte ressursane på garden på. I gutedagane i Vinje hadde han mange gonger beundra kraftverket som gjev lys og varme til gartneriet til Kjetil Negarden.
– Eg innsåg at tradisjonelt landbruk ikkje ville gje nok inntekter i framtida. Derfor kom eg på tanken om kraftverk som syntes eg var spennande, seier Stig.
Nybrotsarbeid
I 1995 starta planlegginga, det var lenge før regjering og styresmakter hadde kome til at småkraftverk skulle vere satsingsområde.
– Det var mykje nybrotsarbeid på offentlege kontor. Eg måtte ta nokre rundar med fylkesmannen før eg fekk løyve til å bygge. Det tok mykje tid.
Men dei fleste var positive, og bygginga starta i 1998. Eitt år og 6 millionar kroner seinare var anlegget endeleg i drift. Trass i milliongjeld søv Stig og kona Gitte godt om natta. Dei sikra seg gjennom å starte eit eige aksjeselskap som leiger fallrettane av garden, dermed mistar dei ikkje gard og grunn om kraftverket skulle gå konkurs.
– Eit problem med å vere bonde er at det er skummelt å satse med pant i garden. Andre bedriftseigarar risikerer arbeidsplassen om selskapet skulle gå konkurs. Ein bonde riskikerer også å miste det som har vore heimen gjennom generasjonar.
Håpar på høgare prisar
Kraftverket er no inne i sin sjuande sesong utan å ha vore ei gullgruve. Stor variasjon i nedbør og straumpris har ført til både gode og dårlege år.
– Eg har greidd å betjene gjelda til no, men så har eg også jobba 10 år med dugnad. Men håpet er at straumprisane aukar nokre få øre, då vil fortenesta bli betre, trur Stig. Går prisen over 25 øre/kWh, hjelper det godt på økonomien og kan gje eit bra tilskot til garden.
Kraftverkseigarer kan gå inn på fastprisavtaler for å sikre seg mot låge straumprisar. Men det er ikkje nok, meiner Stig Høgetveit.
– Eg meiner det er viktig å også gå inn på ei produksjonssikringsavtale. Då får ein nokon til å vere med å ta risikoen i nedbørsfattige år. Det hjelper ikkje med høg pris om ein ikkje har vatn å lage straum av.
Grøne sertifikat
For å stimulere til auka utbygging av miljøvenleg og fornybar kraft, går staten no inn for å gje tilskot til nye småkraftverk. Dei grøne sertifikata skal gje høgare straumpris dei fyrste åra eit kraftverk er i drift. Men sidan Stig Høgetveit bygde før ordninga kom, får han langt mindre betalt for straumen.
– Me som bygde tidleg brøytte veg på mange vis. Me fann vegen i offentlege korridorar og utvikla turbinar. Då blir det litt feil at me kanskje må jobbe dugnad i 30 år når nye utbyggarar kan tene pengar frå fyrste dag, hevdar han.
– Det er ergeleg, men eg innser jo at det skal vere eit byggetilskot. Aukar straumprisen nokre øre, skal me nok klare oss.
I røret inn til kraftstasjonen kjem 150 liter vatn fossande kvart sekund. Stig tar på seg hørselsvern, går inn og kjenner på turbinen. Eit lager krev litt spesiell omtanke for tida, havari er ikkje det han ynskjer seg mest. Med ein skvett ekstra olje er lageret i godlag att.
Vil bygge ut meir
I eit normalår produserer kraftverket til Stig Høgetveit 3700 kWh. Men det er meir å hente. Ved å bygge ein ny stasjon litt lenger opp i åløpet kan han produsere ein halv gong så mykje straum.
– Eg har ikkje bestemt meg, men eg har lyst til å bygge ut meir. Grunnlagsinvesteringar som veg og kraftline er på plass, dessutan håpar eg å få med meg grøne sertifikat på den nye delen. Men eg bygger ikkje eitt kraftverk til for å jobbe dugnad i 30 år til, presiserer han.
Utbyggingshjelp
Dermed må Stig kanskje ut og hente nye tre millionar kroner. Ei rekke selskap tilbyr no grunneigarar å vere med på utbygginga mot å få sin del av fortenesta. Stig Høgetveit vil ikkje gå for den modellen.
– Eg meiner at vassdraget må byggast ut av grunneigaren, elles er det ikkje ei distriktsnæring lenger. No er det mange som er ute etter ressursane.
Direktør Tor Syverud i Tinfos AS meiner utbyggarane har lite å frykte.
– Me har drive med kraftproduksjon i 114 år på Notodden og sit inne med mykje kompetanse. Det er den me vil dele med grunneigarane. I tillegg kan me skaffe marknadstilgang og få gode rabattar på utstyret som skal til. Kapitalen er langt ifrå det viktigaste me har å tilby, den er lett å skaffe andre stader, understreker Syverud.
Det normale er at Tinfos og grunneigar kvar står for halvparten av finansieringa. Etter avtaleparioden på 40-50 år kan grunneigaren gjerne kjøpe ut samarbeidspartnaren.
– Det er lett å låne store summar med den låge renta som er no, men det kan fort snu seg. Med ein samarbeidspartner kan ein få ned risikoen, hevdar Tor Syverud.
Mykje arbeid
Kraftverket er utstyrt med elektronisk varsling om noko skjer. Men ein kan ikkje reise bort i 14 dagar utan å orde med avløysar. Det hender Stig må opp til kraftstasjonen eller dammen to gonger i døgnet. I flaumperiodar kan det av og til bli tur midt på natta for å renske silen i inntaksdammen. Men i periodar med stabil vassføring kan det gå fint i lang tid.
I bratthenget ned frå Mælefjell ser me garden Århus mest som på eit flyfoto. Låven og fjoset blir bruka til rideskule, graset blir frakta til samdrifta med mjølkekyr som han er med på nokre kilometer unna.
– Eit kraftverk kan vere med på å sikre busetting dersom det kan vere grunnlaget for at ein vel å bu på garden. Straum er ei vare som storsamfunnet er interessert i, og som me er konkurransedyktige på. Me har vatn og fall, det er meir enn dei har i EU, slår Stig Høgetveit fast.