– 35 dagar med opphaldsvær er ubehgeleg for bergensarane, det var godt det kom regn med årsmøtet i Småkraftforeninga, sa ordførar Hermann Friele under opninga av årsmøtet tysdag.
Bergensordføraren slo ikkje akkurat av for kjende då han oppsumerte verdshistoria til Bergen.
– Det er i denne regionen verdiskapinga skjer i landet, og eg er glad for at Småkraftforeninga legg årsmøtet sitt her. Og som meg er de nok glade for regnet, elles blir byen skitten, sa Friele.
Frammøtet på årsmøtet 2006 ser ut til å bli rekord med vel 400 besøkande. I tillegg kjem ei rekke utstillarar som viser fram produkta sine på småkraftmessa.