Avklaring av rammevilkåra innan 1. mai

Kanskje alt før påske kan utbyggjarar få svar på kva som skjer etter at at planane om ein felles norsk/svensk elsertifikatmarknad er skrinlagt for godt. Svaret skal i alle fall vere klart før 1. mai.

Det var knytt stor spenning til kva statssekretær Anita Utseth hadde med seg i veska då ho kom til årsmøtet i Småkraftforeninga tysdag. Men sjølv om departementet har jobba på høggir for å få til eit alternativ til elsertifikatmarknaden i samarbeid med Sverige, er ikkje alt i boks enno.
– Eg forstår at det blei reaksjonar, me tok oss også tid til å deppe litt i den politiske leiinga i departementet då forhandlingane gjekk i vasken. Men no kan me legge korta på nytt, og svaret skal kome om kort tid. Kanskje alt før påske, i alle fall innan utgangen av april, sa Utseth.

Departementet ser på ulike alternativ, men det mest sannsynlege er ei ordning der Energifondet og ENOVA vil vere sentrale. Men ein ordning med grøne sertifikat bare for Norge blir også vurdert.