Olje- og energidepartementet har enno ikkje kome med informasjon om støtteordninga til småkraftverk. Ordninga var varsla før 1. mai.
På årsmøtet til småkraftforeninga i Bergen i mars sa statssekretær Anita Utseth at ei støtteordning skulle vere på plass like før eller like etter påske.
– Departementet ser på ulike alternativ, men det mest sannsynlege er ei ordning der Energifondet og ENOVA vil vere sentrale. Men ein ordning med grøne sertifikat bare for Norge blir også vurdert, blei det opplyst i mars.
Småkraftforeninga hadde håpa at det kunne kome noko i samband med revidert nasjonalbudsjett, men heller ikkje der var småkraftverka med.
– Ja, jeg forstår dere venter, og vi jobber det vi kan med saken, opplyser Anne T. Wøien som er politisk rådgjevar i OED.
Litt lettar ho på sløret når småkraftforeninga spør om det kjem i revidert nasjonalbudsjett.
– Det kommer ikke noe i RNB. Dvs at det som kommer ikke blir "fra budsjett til budsjett", skriver Wøien.