Småkraftforeninga var torsdag i møte med energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Temaet var Stortingsmelding nr 11 om støtteordningar frå fornybare energikjelder. Men småkraftforeninga er skeptisk til å binde seg til 4 øre i 15 år.
– I møtet la me vekt på at nivået på 4 øre er for lågt, seier dagleg leiar Bjørn Laritzen. Me vil ikkje binde oss til å få 4 øre per kwh dersom det hindrar annan grøn premiering i perioden.