Lover sertifikat om Frp får makta

Stortingsrepresentanrt Torbjørn Andersen vil innføre grøne sertifikat om Frp får makta ved stortingsvalet om vel 2 år.
– Då blir det eit heilt nytt syn på den saka, sa han under paneldebatten på kraftkonferansen.

Andersen kom rett frå arbeidet som saksordførar for stortingsmeldinga om støtteordninga for elektrisitetsproduksjon til debatten på Værnes.

– Småkraftverk har eit stort potensiale, landet treng det produktet de kan tilby. Sju av dei siste 11 åra har Norge vore nettoimportør av elektrisk kraft. Det kan vi ikkje leve med, sa Frp-politikaren frå Agder.

– Styresmaktene må ha støtteordningar for å stimulere til ny fornybar energi. Eg trur sertifikatordninga vil fungere godt og at det ikkje blir dyrare for forbrukarane. Det vil bli kompensert gjennom lågare pris på straum, meiner han.

Torbjørn Andersen vil også forenkle lovverk og byråkrati.
– Køen på 5 år for konsesjonsbehandling hos NVE er heilt uakseptabel. Saman med Høgre har me lagt fram forslag om at kommunane skal avgjere saker opp til 1MW. Frp vil ha grensa på 3MW, seier han.

Fylkesvise planar fell heller ikkje i god jord.
– Det er bare tull og eit middel for dei som er imot kraftutbygging, seier Torbjørn Andersen.