– De er ein del av ein nasjonal dugnad for å få gjort noko med klimagassutsleppa, sa Gunnar Kvassheim til deltakarane på småkraftkonferansen tysdag. Men leiaren i miljø- og energikomiteen på Stortinget var ikkje imponert over innsatsen frå Regjeringa.
– Norge står for bare 0,2 % av verdas utslepp av klimagassar, men tek ein med eksport av olje utgjer det 2% av dei samla utsleppa. Derfor er det viktig at Norge gjer noko, sa Kvassheim.
Han meiner energilandet Norge med 1% av innbyggarane i Europa har vunne i Lotto: Norge har 20 prosent av vasskraftressursane, 40 prosent av gassressursane og 60 prosent av olja.
– Norge bør bli ein nettoleverandør av rein energi i normalår, sa han til tilhøyrarane.
Men han var likevel ikkje imponert over rammevilkåra som Regjeringa har lagt opp til for småkraft.
– Dei marknadsførte fondet på 20 milliardar som eit gigantisk løft. I praksis blir det lant mindre enn om dei hadde gått inn for grøne sertifikat.
Kvassheim har også sin eigen teori om kvifor Regjeringa sa nei til sertifikatordninga.
– Stoltenberg frykta nok at for mange velgarar ville forsvinne over til Frp om straumprisen for ein vanleg abonnent auka med 2-300 kroner i året, sa Gunnar Kvassheim.