Tysdag formiddag starta småkraftkonferansen på Værnes med over 400 deltakarar. – Dette er norges viktigaste møteplass for utbyggarar av små kraftverk, sa dagleg leiar Bjørn Lauritzen under opninga
Under konferansen blir det eit to-dagars fagseminar, 47 utstillarar er på plass og det blir ekskursjon til NTNU og lokale kraftverk.
– Vi har blitt større frå i fjor. No har Småkraftforeninga 485 kraftverk som medlemar, det betyr i praksis 2-3000 grunneigarar. Bare vel 100 av desse er i drift og produserer 500 Gwh i året. Men potensialet er heile 5TWh, seier Lauritzen