Skriv betre konsesjonssøknader!

NVE vil i april arrangere eit eige kurs i skriving av konsesjonssøknader.
– Me brukar mykje tid og ressursar på søknader som er mangelfulle, sa Jens Aabel i NVE under småkraftkonferansen.

For tida ligg det rundt 300 søknader om konsesjon til behandling hos NVE, dei fleste av desse frå Vestlandet og Nordland.
– Signala mehar frå Soria Moria-erklæringa er at småkraft er rein og fornybar, men ikkje utan vidare miljøvenleg, sa Aabel.

NVE har sett i gang ulike tiltak for å få ned køen på konsesjonsbehandling. Dei skal rokkere om på ressursane og fortelje departementet at dei har behov for fleire tilsette. NVE vil også samordne søknader og behandle fleire frå same område samtidig. Ein ny rettleiar for biologisk mangfald skal også hjelpe på behandlingstida.

– Me treng betre søknader, då vil behandlingstida gå ned. Derfor vil me arrangere eit kurs om konsesjonssøknader på Gardermoen i slutten av april. Me oppmodar utbyggarane til å vere med på det seminaret, seier Jens Aabel.

Vil prioritere
NVE vil ikkje starte på for mange søknader på ein gong og vil gjere ferdige dei som alt er starta på. Men dei vil ikkje lenger bare behandle søknadene i rekkefølga dei kjem inn.
– Me er pålagt av departementet å prioritere søknadene. Blant anna skal søknadene frå Midt-Norge og Hordaland ha 1. prioritet på grunn av forsyningssituasjonen. Anlegg som gjev mykje ny kraft er også prioritert, seier han.

Samtidig er det andre saker som vil hamne nederst i bunken. Det er blant anna utbygging i verna vassdrag og uavklarte eigedomsforhald. Men heilt lagt vekk blir dei ikkje.

– Ikkje kjeft på saksbehandlarane våre, det er rammevilkåra som er for knappe, oppmodar Jens Aabel i NVE.