Søknadsbunken med konsesjonssøknader hos NVE vil truleg bare auke i tida framover. Bare to nye stillingar er utlyst no, og småkraft vil ikkje bli prioritert.
–Skulle vi halde unna etterslepet, måtte vi ha hatt eit tosifra nye saksbehandlarar, seier Bjørn Wold, avdelingsdirektør for konsesjon og tilsyn i NVE.
Rundt 250-300 konsesjonssøknader for småkraftverk ligg no og ventar på behandling hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– Hittil i år har vi gjort 30 vedtak, og mange er i sluttfasen. Samtidig har vi fått eit 50-tals nye søknader, så etterslepet er omlag det same som ved årsskiftet, seier Wold til kraftverk.net.
Bare to stillingar
For kort tid sidan lyste NVE etter nye medarbeidarar til konsesjonsavdelinga for å møte auken i konsesjonssøknader.
– Vi har lyst ut to stillingar no, men begge er erstatning for folk som sluttar, altså ikkje styrking av kapasiteten. I praksis er det heller ei svekking fordi det tar tid å lære opp nye saksbehandlarar, og vi har no ingen signal om ytterlegare ressursar til konsesjonsbehandling av småkraft. Snarare vurderer vi å flytte ressursar frå småkraft og over på større saker, seier Bjørn Wold.
Andre saker blir prioritert
NVE har ikkje bare konsesjonsbehandling av småkraftsaker.
– Vi har i tillegg aukande pågang av større vasskraftsaker, vindsaker og store kraftleidningar. For alle er situasjonen at kapasiteten er mindre enn pågangen og etterslepet aukar. Derfor er det ikkje gitt at auka ressursar vil bli prioritert på småkraft, og det er heller ikkje mogleg å talfeste kor mykje meir ressursar vi treng, utover at det er snakk om eit tosifra tal på nye saksbehandlarar dersom vi skal halde unna, seier avdelingsdirektøren. Han legg til at det var ei faktisk styrking av kapasiteten i siste del av 2006 og fyrste del av 2007, men at det ikkje ser ut å vere tilstrekkeleg slik behov og prioriteringar enrar seg.
Tar kontakt med statsråden
For dagleg leiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga er dette dårleg nytt.
– Etter det vi kjenner til er det behov for 30 nye stillingar bare for å halde unna køen. Dette vil vi ta direkte opp med statsråd Odd Roger Enoksen. Vi vil krevje at NVE får vesentleg større ressursar. Dei kostnadene vil vere små mot gevinsten samfunnet får tilbake i form av meir fornybar energi, seier Lauritzen.