Politikarane som var invitert til debatten på småkraftmessa onsdag, var alle svært positive til småkraft. I tema som overføringsnett, grøne sertifikat, konsjonskøen hos NVE og grunnrenteskatt var dei einige at problema må avklarast rast. Bare Heikki Holmås (SV) og Tore Nortun (Ap) forsvarte grunnrenteskatten.
Erling Sande (Sp) meiner politikarane er forplikta til å gje gode rammevilkår til småkraftutbyggarane. Han støtta også kritikken frå partifelle Åslaug Haga mot naturvernarar som er imot alt.
– Motstandarar av linjer, skogsbilvegar og småkraftutbyggingar poppar opp over alt. Det er ein stor mangel på kunnskap blant einskilde naturvernarar. Vi som bur og lever i området kjenner oss ikkje att i det dei kritiserer, sa Sande og spurde:
– Er me som bur lokalt dei største fiendane til naturen som har budd og levd der i årevis. Det skremmer meg. Her har me ein vaksenopplæringsjobb å gjere, konkluderte Sande.
Gunnar Kvassheim (V) kritiserte statsråd Åslaug Haga for bare å kome med fine ord og ikkje gjere nok.
– Det er ikkje samsvar mellom det ein gjer og det ein seier i norsk energi og klimapolitikk. Samstundes har Norge europas dårlegaste støttesystem for fornybar energiproduksjon.
Regjeringa legg hindringar i vegen for dei som vil satse, tordna Kvassheim.
Regjeringa skrota dei grøne sertifikata fordi Jens Stoltenberg ikkje turde å auke straumrekninga.
Han tok utgifta heller gjennom ENOVA, som også skattebetalarane til sist må betale, sa Gunnar Kvassheim og kravde full reversering av skatteskjerpinga.
– Haga må rydde opp innan 15. mai når revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram. Det er testen på om ho kan levere varene, seier Kvassheim.
Line Henriette H. Hjemdal (Krf) presiserte at småkraft er god miljøpolitikk, energipolitikk og distriktspolitikk og peika på at 10 Twh småkraft er gryteklart.
– Men det er ikkje framtidsretta at det skal stå på ein dato 4. oktober 2007. Dessutan må regjeringa reversere grunnrentebeskatninga, kravde Hjemdal som meinte den største utfordring er samspelet mellom nettselskap og utbyggarar.
Ivar Kristiansen (H) meiner ein er på overtid om ein skal løyse energiproblema og at det hastar å kome på banen med løysingar. Konsumet aukar tilnærma ukontrollert sjølv om ein hadde venta at forbruket skulle flate ut. Forbruket er forventa å auke med 60% innan 2030.
– Regjeringa skulle ha vore rulla ut ein raud løpar istaden for spikermatter for utbyggarane av småkraft, sa Kristiansen som hadde trudd statsråden hadde kome med konkrete lovnader under opninga av småkraftmessa.
Tore Nortun (Ap) var heller ikkje tilfreds med situasjonen i dag. Han tok til orde for overgangsordningar inntil permanenete løysingar er på plass.
– Me har ikkje ein energilov som tar høgde for effektivisering, meinte Nortun.
Heikki Holmås (SV), var den politikaren som hadde mest å forsvare i forsamlinga, starta heilt i botn: Alt er min feil! Så kan me ta det derifrå…
– Utgangspunktet mitt er at me treng meir fornybar energi. Staum kan bli ein eksportvare fordi han har positive effektar, sa Holmås
-Småkraft er positivt for næringslivet i Norge. Eg ser på messa her at det utviklar nye produkt som lagar verdiskaping her i landet. Dette må me utnytte fordi me kan vasskraft her i landet. Når det gjeld naturvern, må finne dei gode kompromissa, sa han.
Men grunnrenteskatten ville Heikki Holmås halde på.
– Her må me ta omsyn til fordeling. Det fell ned store vassmengder over landet som blir til verdifull kraft. Delar av dette overskotet skal inn til fellesskapet gjennom grunnrenteskatt. Ein ting har eg forstått i denne prosessen: Ei kvar grense som blir sett, funger slik at folk tilpassar seg det, sa Holmås som har og vil vere pådrivar for grøne sertifikat i tida framover.
– Eg er også tilhengar av fleire overføringsliner til utlandet, det er viktigare enn støtteordningane, sa han.
Kjetil Solvik-Olsen (Frp) hadde heller ikkje så mange godord å kome med overfor regjeringa.
– På tre år har ikkje regjeringa gjort særleg mykje, det er bare fine ord. I Soria Moria-erklæringa var det aldri intensjonen at småkraftverk skal vere med i ordninga, bare mini- og mikrokraftverk, sa han.
– Regjeringa har lova frå 2005 å auke kapasiteten i NVE. Dei må styrka kapasiiteten og delegere avgjerda for dei små kraftverka til lokalpolitikarane. Høgre og Frp har foreslått dette ei rekke ganger, men ikkje fått støtte frå dei andre partia, sa Solvik-Olsen.