BKK vil legge til rette for småkraftutbygging

I en pressemelding varsler BKK at de vil søke om konessjon for å øke kapasiteten i to eksisterende linjer som skal nyttes til å levere kraft fra nye småkraftverk.

Småkraftforeninga vil gi hønnør til BKK for denne satsningen som vil medføre at en rekke nye småkraftprosjekter kan realiseres i disse linjenes nedslagsfelt, dvs. i Harfanger, Voss og Samnanger.

Pressemeldingen er gjengitt i sin helhet under:

Pressemelding, 8.10. 2008:

BKK vil sleppa klimavennleg småkraft ut

Hardanger, Voss og Samnanger har eit potensial for ny småkraft som tilsvarar straumforbruket til 52 000 husstandar eller heile Nord-Trøndelag. For å få den fornybare krafta ut til forbrukarane, er det naudsynt å styrkja kraftnettet. BKK vil søkja NVE om å få auka kapasiteten på to kraftleidningar i området.

– Det er svært positivt at BKK grip fatt i denne utfordringa. Manglande kapasitet i kraftnettet er utan tvil den største flaskehalsen for å få løyst ut ny, fornybar energi. Over heile landet sit grunneigarar som ønskjer å byggja ut småkraft, men som ikkje får plass på nettet. Diverre motiverer ikkje dagens regelverk nettselskapa til å gjera dei naudsynte investeringane, seier dagleg leiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga.

BKK tek første steg
Divisjonssjef Jens Skår stadfestar at ei rekkje grunneigarar i BKK-området går med planar om nye småkraftverk.
– Vi har kartlagt eit potensial på om lag 260 megawatt dersom alt vert bygd ut. Dette er nok til å forsyna 52 000 husstandar eller heile Nord-Trøndelag fylke. Vi ønskjer å bidra til auka bruk av fornybar energi som kjem lokalsamfunna til gode. Difor planlegg vi å auka kapasiteten i kraftnettet for å gje plass til ny vasskraft. Første steget er å senda søknad om konsesjon til NVE. Men vi er avhengige av at styresmaktene gjer dei naudsynte endringane i regelverket slik at prosjektet kan realiserast, seier han.

Ordførar Marit A. Aase i Samnanger er glad for at BKK no tek initiativ til å styrkja nettet.
– Eg ventar utolmodig på ei løysing som opnar for nye småkraftverk i kommunen. Vasskrafta har forma Samnanger, og ny småkraft kan vera med og utvikla bygdene våre vidare. Dette skapar optimisme for landbruk og småskala næringsverksemd, seier ho.

Prosjektet er også naudsynt for at ny vasskraft frå Hardanger, Voss og Samnanger kan bidra til å nå nasjonale og internasjonale klimamål om reduserte CO2 -utslepp.

To leidningar
BKK vil søkja Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å få oppgradera to eksisterande kraftleidningar:

Samnanger – Øystese
Voss – Granvin
For begge leidningane ønskjer ein så langt som råd er å følgja same trasé som i dag.

Prosjektet er totalt kostnadsrekna til om lag 300 millionar kroner. For å få realisert dette ser BKK for seg eit spleiselag mellom dei ulike aktørane som har nytte av tiltaka. BKK tek sikte på å senda konsesjonssøknad til NVE i desember 2008. Bygging av kraftleidningar er ein omfattande prosess, og nye anlegg kan tidlegast stå klare i 2013.

Informasjonsmøte på Voss
Onsdag 15. oktober klokka 19.00 inviterer BKK til informasjonsmøte om planane for leidningen Voss-Granvin på Flatlandsmo camping på Voss. Seinare vil det også verta ein open kontordag der interesserte kan få vita meir om prosjektet.

Kontaktinformasjon
Ingunn Halvorsen, kommunikasjonsrådgjevar i BKK, tlf. 970 89 209
Marit A. Aase, ordførar i Samnanger, tlf. 56 58 74 00
Dagleg leiar i Småkraftforeninga Bjørn Lauritzen, tlf. 907 37 626 / 22 51 89 55

Nettside for prosjektet: www.bkk.no/hvs