Utkast til fylkesdelplan for småkraftverk verre enn fryktet

Hordaland fylkeskommune har lagt ut utkast til egen fylkesdelplan for småkraftverk på sine nettsider. Småkraftforeninga ga innspill til den første høringsrunden, og kan bare konstatere at ingenting av våre innspill og merknader er hensynstatt. Tvert i mot bekrefter utkastet til fylkesplan det vi hele tiden har fryktet, nemlig at slike planer er ubalanserte og får preg av å være rene verneplaner. Forslag til fylkesvise retningslinjer har overhodet ikke vurdert småkraftens positive virkninger annet enn en lite forpliktende frase i formålsparagrafen, R1. Så følger 11 paragrafer som alle fokuserer på småkraftens negative virkninger.
Småkraftforeninga er strekt kristiske til retningslinjene, og vi mener at hele forslaget bør trekkes tilbake for en omfattende gjennomgang.

Blir retningslinjene stående som en del av fylkesdelplane, vil mange gode prosjekter bli sortert bort av fylkesleddet. Egne fylkesdelplaner vil i realiteten gi økt makt til fylkeskommunen, og når det legges opp til å røyke ut kun negative virkninger og ingen positive, vil dette opplagt medføre at langt færre prosjekter vil få konsesjon. Særlig opplagt blir dette når fylkeskommunen fra 2010 skal fatte vedtak i en del konsesjonsøknader.

Småkraftforeninga har også vanskeligheter å se at NVE vil gi konsesjon til prosjekter som vil får retningslinjene mot seg.

Retningslinjene er gjengitt i sin helehet under: Ser også link: http://www.hordaland.no/templates/Page.aspx?id=8629

Fylkespolitiske mål og retningsliner for små vasskraftverk
Mål for utbygging av små vasskraftverk

Ut frå mål for planarbeidet i innleiingskapitlet, supplert med mål frå energiplan og fylkespla-nen kan ein samanstille mål for utbygging i Hordaland slik:

Mål for utbygging:

1. Hordaland ynskjer auka bruk av fornybare energikjelder.
2. Tilgangen på energiressursar skal gje verdiskaping og danne grunnlag for næring.
3. Utbygging av ny energiproduksjon må ta omsyn til miljø og arealkonfliktar.
4. Ny fornybar energiproduksjon i små-, mini- og mikrokraftverk må ikkje føre til tap av naturmangfald, friluftslivsområde eller landskap av stor verdi.

Fylkespolitiske retningsliner

Fylkespolitiske retningsliner er ein reiskap for å iverksette planmål i enkeltsaker både i kom-munal og regional offentleg forvalting. Ved å følgje retningslinene vert det meir sams praksis for vedtak og handlingar i enkeltsaker, samstundes som aktuelle tiltakshavarar får ein god peikepinn på kva haldning offentleg forvalting vil ha i konkrete saker.

Meininga med retningslinene i denne planen er å styrkje grunnlaget for ei heilskapleg vurde-ring av søknader for bygging av små vasskraftverk. Utarbeiding av fylkespolitiske retningsli-ner for å unngå tap av naturmangfald, friluftslivområde og landskap av stor verdi har vore eit av måla med planarbeidet.

For å få løyve til ei kraftutbygging er det avgjerande at utbyggingsplanane tar omsyn til andre interesser i området og at samfunnsnytta ved tiltaket er større enn ulempene av utbygginga. Alle konsesjonssaker får eit sett med konsesjonsvilkår som syner kva rammer løyve til utbyg-ging er basert på. For utbyggingsprosjekt der det er konflikt med spesielt viktige interesser kan det vere aktuelt å ikkje gje løyve. For nokre prosjekt kan avbøtande tiltak eller justering av prosjektet vere tilstrekkeleg for å redusere konfliktnivået, slik at ein kan gje rom for utbygging.

Med ein verbal skala kan ein syne i kva grad konflikt med ein spesielt viktig interesse bør på-verke omfanget av utbyggingssaker som får løyve:

Ikkje gje løyve: Ingen prosjekt bør få løyve
Svært restriktiv: Svært få prosjekt bør få løyve
– tiltaket må ha minimale negative verknader for gjeldane tema
Restriktiv: Nokre få prosjekt kan få løyve
– omfattande avbøtande tiltak kan vere aktuelt
Særleg varsemd Ein god del prosjekt kan få løyve
– spesielle avbøtande tiltak kan vere aktuelt

I all ny vasskraftutbygging bør ein vise varsemd i høve til andre interesser i området. Varsemd vert slik lågaste nivå i den verbale skalaen – og vert normalkravet for dei tema der dei fylkes-politiske retningslinene ikkje indikerar at det er trong for å ta spesielle omsyn.

Fylkespolitiske retningsliner for små vasskraftverk
Søknadshandsaming
Dei fylkespolitiske retningslinene er utarbeidd med heimel i plan- og bygningslova § 8-1 – §8-4 og skal gjerast
gjeldande for planlegging og forvalting på kommunalt, fylkeskommunalt og regionalt statleg nivå i Hordaland
Overordna rammer
R1 Hordaland er positiv til bygging av små vasskraftverk der omsyn til miljø og and-re arealinteresser er ivareteke.
R2 I område med særskilt vern skal ein i utgangspunktet ikkje gje løyve til nye vass-kraftanlegg, og ein bør vere svært restriktiv med plassering av nye anlegg tett opp til verna område. I verna område er det verneføresegnene som er styrande for kva inngrep som vert akseptert. I verna vassdrag kan konsesjon for kraftverk opp til 1MW og opprusting av eksisterande anlegg vurderast om tiltaket ikkje svekker verneverdiane i området. (Viser til
kapittel om særskilt vern)
Rammer for utbygging
R3 Fjordlandskap:
1. I urørte fjordlandskap skal ein vere svært restriktiv med kraftutbygging som reduserer det urørte preget i landskapet.
2. I fjordlandskap av stor verdi skal en vere restriktiv med inngrep som fjernar synlege fossar og vassdrag eller fører til permanente synlege inngrep (terrenginngrep, vegar, røyrgater mm). Ved inngrep i eksponerte fossar og elvestrekningar skal det stillast krav til minstevassføring som opprettheld landskapskarakteren og opplevingsverdien.
(Viser til
kapittel og kart)
R4 Sårbart høgfjell:
1. I sårbart høgfjell av stor verdi og i sårbart høgfjell tett opp mot nasjonalparkane skal ein være restriktiv med vasskraftanlegg som fører til permanente synlege inngrep.
Avbøtande tiltak: Tunneldrift og veglaus utbygging kan redusere konfliktgraden.
2. I andre område med sårbart høgfjell bør ein vise særleg varsemd med løyve til ny kraftutbygging, spesielt i eksponerte område mot viktige reiselivsområder og verdiful-le friluftsområde.
(Viser til
kapittel og kart)
R5 Inngrepsfrie naturområder (INON):
1. Ein skal ikkje gje løyve til utbygging i villmarksområde, og ein skal vere svært rest-riktiv med kraftutbygging som verkar inn på omfanget av villmarksområde (INON > 5 km frå teknisk inngrep) .
2. Ein skal ein vere svært restriktiv med kraftutbygging som verkar inn på INON-område som er samanhengande frå fjord til fjell.
(Viser til kapittel og kart + DN)
R6 Biologisk mangfald
1. Ein skal ikkje gje løyve til utbygging av små vasskraftverk som fører til skade på arter som er ”kritisk truga” (CR), ”sterkt truga (EN)” eller ”sårbar (VU)” på den norske raudlista.
2. Ein skal vere restriktiv til fråføring av vatn der det er registrert sjeldne eller raudlista mosearter direkte knytt til vasstrengen.
3. I elvar med elvemusling skal ein ikkje gje løyve til kraftverk som kan føre til negativ verknad på arten.
4. For vatn med hekkande lom skal ein ikkje gje løyve til reguleringar som inneber endra vasstand eller endra svingingar i høve til dagens situasjon.
5. For elver som fungerer som hekkeområder for vintererle eller fossekall må det setjast krav om monaleg minstevassføring. For vintererle er det viktig også å halde skogen langs elva intakt. For fossekall kan oppsetting av eigne reirkasser vere eit avbøtande tiltak der trygge reirplassar forsvinn.
6. For naturtypar som krev til stabil høg luftfukt må ein ikkje fråføre vatn i ein slik grad at fukttilhøva vert endra. Ein skal vere svært restriktiv med å gje løyve til inngrep el-ler redusert vassføring i bekkekløfter og fossesprøytsoner som er velutvikla eller har førekomster av sjeldne eller raudlista artar.
7. Etablering av røyrgate og anleggsveg må ikkje føre til vesentleg inngrep i naturtypar av stor eller middels verdi, eller skade eventuelle førekomstar av raudlisteartar på sli-ke lokalitetar.
8. Ein bør unngå splitting av leveområde for villrein med barrierar som permanent veg eller røyrgate i dagen. Eventuell utbygging må i minst mogeleg grad uroa villreinen. (Viser til kapittel kart+ DN norsk raud-liste)

R7 Fisk
1. I nasjonale laksevassdrag skal ein ikkje gje løyve til bygging av kraftverk på laksefø-rande strekning. Ein må vise særleg varsemd ved utbygging oppstraums lakseførande strekning, og utbygging krev særskilte tryggleikstiltak for å redusere risiko for skade på laksestammen.
2. I lakseførande elvar bør ein ikkje gje løyve til bygging av kraftverk på lakseførande strekning, og ein må vise særleg varsemd ved utbygging oppstraums lakseførande strekning.
3. For elvestrekningar med sjøaure eller storaure skal ein ikkje gje løyve til vesentlege vasstandsreduksjonar. Der det er store fiskeinteresser skal ikkje tilhøva for fiske redu-serast. For kraftverksutbygging oppstraums aktuell elvestrekning for fisk må automa-tisk forbisleppingsventil monterast. Løyve til utbygging i mindre viktige område for sjøaure og storaure føreset auka og differensiert minstevassføring, ekstra høg minste-vassføring i gytevandringstida og sikre inntaksordningar for å unngå tap av fisk i tur-bin.
4. Gyteområde for innlandsfisk må ikkje reduserast i eit slikt omfang at det er til trugsel for bestanden eller gjev vesentleg negativ innverknad for fiske.
(vis til kapit-tel og kart)
R8 Friluftsliv
1. Ein skal vise særleg varsemd med løyve til ny vasskraftutbygging der tiltaket vil re-dusere opplevingskvalitetane i friluftsområde med stor verdi, oppgangssoner til na-sjonalpark og vassdrag langs mykje nytta turvegar/stier.
R9 Kulturminne
1. I område med verneverdige kulturminne og kulturmiljø nær aktuell elvestrekning skal ein vise særleg varsemd med løyve til ny vasskraftutbygging. Tiltak skal ikkje reduse-re verdien til eller ha negativ innverknad på kulturminna.
R10 Reiseliv
1. I område med stor verdi for reiselivet der tiltaket vil redusere opplevingskvalitetane skal ein vise særleg varsemd med løyve til ny vasskraftutbygging.
R11 Samlokalisering med tekniske inngrep og etablert arealbruk er ynskjeleg for å samle inngrep, og det er ønskeleg at etablering av nye anlegg skjer nær eksisterande infrastruktur.
R12 Alternativ bruk av eventuelle tunnelmasser skal vurderast framfor tippar i terrenget.