FrP frir til småkraften

– Det er betre å bruke pengane der ein kan få mest fornybar energi istaden for å bruke milliardar på vindkraft til havs, sa stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen (FrP) då han opna småkraftmessa i Ålesund onsdag. Han meiner det er betre å satse på småkraftverk der ein får meir kraft igjen for pengane. Ketil Solvik-Olsen meiner småkraft er ein interessant bransje som leverer grøn energi av beste kvalitet. Han er usamd i at det skal brukast milliardar på å utvikle vindmøller til havs som kanskje vil koste 1 kr/kWh å produsere.- Eg meiner det er meir fornuftig å fordele pengane der ein får mest fornybar energi tilbake.

Solvik-Olsen meiner ein må ta eit prinsippielt valg.
– Skal me løfte fram enkelte teknologiar framfor andre, eller gå til dei teknologiane som har dei gode prosjekta? Eg meiner at alle teknologiar bør få det same støttenivået.

FrP vil avvikle all eigedomsskatt for private, dermed også på småkraftverk.
På småkraftverk kan eigedomsskatten slå veldig uheldig ut ettersom skatten er ein prosentsats av utbyggingskostnaden. Dermed tar ein ikkje omsyn til lønsemda i kraftverket, bare kostnadene.
– I Rogaland har me døme på at ein som har lagt millionar i å få eit estetisk fint kraftverk blir ekstra hardt skatta på grunn av det. Me må bruke skatteregimet til å gjere småkraft meir lønsamt, ikkje mindre, sa Ketil Solvik-Olsen.