Småkraftmessa er i gang

I dag starta Småkraftmessa i Ålesund med over 500 deltakarar. Dette er åttande gongen messa blir arangert i regi av Småkraftforeninga. I to dagar skal deltakarane få faglege oppdateringar og informasjon om kva som rører seg i bransjen. Over 500 deltakarar frå heile landet er rekord, aldri før har så mange vore med på messa. Det tyder at alt av hotellrom i byen er opptatt.
56 leverandørar er med på utstillinga. Der møter ein alt frå utstyrsleverandørar og konsulentar til elektroutstyr og finasiering.

Styreleiar Trond Ryslett meiner at småkraftmessa er årets bransjetreff.
– Vi skal opp og fram. Det er for få små kraftverk til no, innan ti år bør det vere eit par tusen småkraftverk i drift, sa leiaren under opninga.

Han gav også nokre spark til den sittande regjeringa.
– Politikarane er flinke i teori og dårlege i praksis. Resultatet etter mest fire år med raud/grøn regjering er dårleg. Dei har mange luftige visjonar, men det er lite fokus på det som skal skje no, sa Ryslett til applaus frå salen.

Men styreleiaren såg også nokre lyspunkt i framtida med tilknytningsplikt for fornybar energi, produksjonsmål for småkraft, EU sitt fornybardirektiv og at NVE får system på konsesjonsbehandlinga.