Småkraftdagane opna

340 besøkande og 62 utstillarar er no på plass i Haugesund på Småkraftdagane. Dette er 8. gong messa blir arrangert. – Me går inn i eit historisk tørrår. Det må få følger for energipolitikken og rammebetingelsane for småkraftverk, sa styreleiar Trond Ryslett under opninga. – Småkraftforeninga er bare i startgropa. Det blir bygd 30-40 i året, men det er for lite, sa styreleiaren.

Ryslett håpar på ein betre politikk når det gjeld eigedomsskatt. Slik reglane er no betalar ein kraftverkseigar som har bygd ut for 4 kroner/kWh langt meir i eigedomsskatt enn ein som har bygd ut for ei krone.
– Han som har bygd ut for 4 kroner får det kanskje bare såvidt til å gå rundt økonomisk medan den som bygger ut for ei krone har god økonomi.

Småkraftforeninga har no snart 600 medlemmer. 413 medlemmer i planfasen og 190 kraftverk i drift.

Desverre melde olje- og energiminister Terje Riis-Johansen avbod til opninga. I staden kjem startssekretær Sigrid Hjørnegard.