Vil ha lik nettleige over heile landet

Statssekretær Sigrid Hjørnegård i olje- og energidepartementet vil ha lik nettleige over heile landet.- Det er god fordelingspolitikk, omtrent som me har lik porto over heile landet. Eg veit at NVE er skeptiske, men eg trur det er ein god tanke. Dagen før møtet melde statsråd Terje Riis-Johansen avbod til Småkraftdagane. Grunnen er at han sit i budsjettforhandlingar med resten av regjeringa. Dermed sende han statssekretær Sigrid Hjørnegård.

– Det kan oppfattast urettferdig å betale høgare nettleige fordi ein bur i eit område som produserer mykje kraft til sentrale strøk. Derfor har eg tru på lik nettleige over heile landet, sa Hjørnegård som også minna om at utjamningsmidla til nettleiga også er dobla.