Vil utsette vedtak

Sunnmørsposten kan i dag melde at leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp) vurderar å utsette vedtaket om utbygging av den nye kraftlina frå Ørskog til Fardal. Sande vil utsetje vedtaket til konklusjonane føreligg frå dei uavhengige utvala som skal granske vedtaket om utbygging av master i Hardanger.
Småkraftforeninga er bekymra over signala dette sender, og forutset at alle naudsynte omsyne vert tekne i den ordinære handsaminga. Det er særs viktig for småkraftutbyggarar og for vidare satsing på fornybar energi, at framføringa av slik energi vert sikra snøggast råd, slik at ein kan få fortgang i konsesjonsbehandlinga av nye kraftverk i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Det eksisterande nettet har ikkje kapasitet til å handtere den naudsynte utbygginga.

Skal ein nå dei vedtekne måla om meir fornybar kraft, kan ein ikkje vente med utbygging av naudsynt distribusjonsnett.