Fredag deltek dagleg leiar Henrik Glette i Småkraftforeninga på småkraftseminar på Grimo i Ullensvang. Her har lokale krefter samla ekspertar og kraftinteresserte til eit spanande og visjonært seminar. Seminaret set søkelyset på fleire viktige tema, og syner kor viktig det er at det i framtida vert lagt betre til rette for at grunneigarar kan nytte ressursane på eigen grunn.
SMÅKRAFTSEMINAR
KRAFTUTBYGGING I EIGEN REGI – ELLER “SELJA PÅ ROT”
Stad: Hauso Samfunnshus, 5777 Grimo. Tid: 26. november 2010
Møteleiar: Landbruksdirektør Ole Bakkebø
1100-1110 Vel møtt v/ styreleiar i Jåstadkraft AS Jørund Kvestad
1110-1125 Opning v/ ordf. Solfrid Borge
1125-1150 Presentasjon av Kompetansesenter for småskala energi- og klimatiltak
v/ initiativtakar ordf. Marit Åse, Samnanger
1150-1200 Beinstrekk
1200-1230 Erfaringar frå anleggsperioden v/ eigarane av Jåstadkraft AS
1230-1300 Erfaringar frå anleggsperioden v/ eigarane av Grimokraft AS
1300-1415 Matpause
Deretter kan deltakarane sjå utstillingane til inviterte teneste- og utstyrleverandørar
1415-1445 Status for nettkapasitet i Indre Hordaland v/ dagleg leiar i IHK Harald Sandvik
1445-1515 Grøne sertifikat – Kor står saka og korleis posisjonera seg v/ Magnar Lussand
1515-1530 Oppsummering
1530-1600 Forflytning til Jåstad Kraftverk
1600-1630 Offisiell opning av Jåstad Kraftverk v/ fylkesmann Lars Sponheim