Sponheim opna kraftverk i Ullensvang

Når småkraftutbyggarane i Grimo og Jåstad kraft skulle opne dei nybygde kraftverka sine, inviterte dei like godt til eit heildags seminar om småkraftutbygging i eigen regi. Skal ein dømme etter frammøtet, vert det fleire utbyggingar i Sørfjorden framover. Samfunnshuset på Hauso var fylt til siste plass fredag 26. november. Her var både utbyggarar, grunneigarar, politikarar og andre interesserte samle for å høyre siste nytt innan næringa, og nokre hevda å telle om lag 100 hovud i salen på det meste.

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang Herad var tydeleg på kva småkraftnæringa tyder for utviklinga i heradet. Ho meinte det var på tide at ein og på sentralt hald skjønar dette og legg betre til rette.

Landbruksdirektør Ole Bakkebø hjå Fylkesmannen i Hordaland var møtestyrar og understreka kor viktig det er å sikre at fallrettane vert sikra på bygdehender, og ikkje vert bytta mot “ei flaske brennevin og eit klapp på aksla, slik det var før i tida”.

Tidlegare styremedlem i Småkraftforeninga, Magnar Lussand, gjorde greie for stoda for dei grøne sertifikata, og såg seg sjølv som ein “festdrepar”. Han hadde lite konkret å kome med, men saman med andre, varsla han at kamplysta hjå småkraftnæringa er stor, og at slaget om overgansordninga slett ikkje er over enno.

Småkraftforeninga var til stades med både Lars Emil Berge, som er styremedlem i foreninga og leiar av lokallaget i Hordaland, og dagleg leiar Henrik Glette. Foreninga rettar stor takk til utbyggarane på Grimo og Jåstad, ved Sjur K Jaastad og Steinar Langesæter for eit framifrå tiltak og vel gjenomført seminar.

På slutten av dagen var det tid for å opne Jåstad Kraft. Begge kraftverka har generatorar med ein installert effekt på 999 kW, slik at dei begge vil ha krav på grøne sertifikat slik det ser ut no.

Fylkesmann Lars Sponheim hadde gleda av å stå for den offisielle opninga, og i kjent stil heldt han ei flammande tale om kva slike lokale energitiltak tyder, ikkje berre for lokal næringsutvikling, men og for den globale stoda.

Trass det kalde og tørre vêret, starta kraftverket når Sponheim trykka på knappen.