Kraftfull samling i Hordaland

Nær femti småkraftutbyggarar og andre interesserte var samla i kraftsenteret Samnanger når Småkraftforeninga Hordaland avheldt årsmøte og seminar torsdag 27. januar. Elsertifikat, finansiering og ny teknologi stod på dagsorden. Regjeringen sitt forslag til lov om ordning med elsertifikat var eit naturleg tema både på saklista og i den uformelle praten når kraftverkseigarar og framtidige utbyggarar var samla. Dagleg leiar Henrik Glette i foreninga og styreleiar Lars Emil Berge i lokalforeninga orienterte om forslaget og korleis foreninga arbeider for å påverke denne.
Sparebanken Vest orienterte om korleis ein ser på finansieringsmogelegheietene for småkrafverk framover. Brødrene Dahl og Energiteknikk orienterte om teknisk utvikling og deira syn på bransjen.

Ordførar Hans S Vindenes frå Fusa var den einaste lokalpolitikaren til stades, og la fram kommunen sitt syn på kor viktig småkraftnæringa er for distrikta.

Dagen vart avslutta med det formelle årsmøtet, kor heile styret vart attvald med Lars Emil Berge i spissen som styreleiar. Magnar Lussand og Svein Henning Rafdal vart attvalde som nestleiar og styremedlem, medan Egil Kambo og Anfinn Bakke ikkje var på val.

Det var brei semje om at det var viktig med ei lokalforening, og at ein framleis hadde stort potensiale i å utnytte denne betre.