Olje- og energidepartementet kalla inn til høyringskonferanse om den foreslåtte kraftlinja i Hardanger. Småkraftforeninga slutta seg til resten av energibransjen og ba om at bygginga av luftlina må byrje, medan aksjonistane gjekk til frontalåtak mot regjeringa. Leiaren i aksjonsforeninga Bevar Hardanger skulda regjeringa for å manipulere både grunnlaget for høyringa og høyringsprosessen, og nekta for at det skulle vere grunnlag for å byggje noko som helst line, og fekk støtte i dette frå Naturvernforbundet.
Hardangerkommunane var langt meir moderate, men meiner at det må satsast på sjøkabel. Ordføraren i Samnager ba om at lina må byggast i luftspenn og understreka at det hasta for småkraftsatsinga i kommunen.
Miljøstiftinga ZERO var og tydelege på fornybar energi som klimatiltak, og meinte at sjøkabling ikkje er ein vesentleg meir miljøvenleg løysning, og a tidsaspektet var viktig.
Småkraftforeninga og resten av energinæringa understreka at ein tredjedel av småkraftpotensialet er stansa på grunn av manglande nettkapasitet, og at ein ikkje har råd til å utsetje eller fordyre den naudsynte utbygginga av linenettet i Noreg.
Statsråden lovar å vurdere innspela grundig, og ber om at skriftlege høyringsdokument vert sendt inn innan 21. februar.