I fjerde kvartal 2010 var det norske kraftforbruket rekordhøge 37,7 TWh, medan det nyttbare tilsiget til magasina var 4,9 TWh mindre enn normalt, melder NVE i ei pressemelding. Kraftprisane steig med mellom 31 og 48 prosent i dei ulike delane av Noreg frå 3. til 4. kvartal. – Det kalde og tørre vêret i fjerde kvartal medvirka til nedtapping av vassmagasina og til høge kraftprisar. Totalt i 2010 har det norske kraftforbruket vore 30 prosent høgare enn tilsiget til magasina. Høg import har medverka til å sikre kraftforsyninga og til at kraftprisane ikkje har stege enda meir, seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.
Det kalde og tørre vêret medvirka til at børsprisane på elektrisk kraft auka med mellom 31 og 48 prosent frå 3. kvartal 2010. I gjennomsnitt var prisen i fjerde kvartal 50,9, 47,6 og 50,7 øre/kWh høvesvis i Aust-, Sørvest- og Vest-Noreg. I Midt- og Nord-Noreg var prisen 54,1 og 54,0 øre/kWh.
Les meir: http://nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Pressemeldinger/Hogt-kraftforbruk-og-lite-tilsig-i-4-kvartal/