– Feigt å ikkje innfri moralsk plikt

Bjørn Lødemel som sit i energi- om miljøkomiteen for Høgre på Stortinget meiner det er feigt av Borten Moe å kome til småkraftdagane og ikkje innfri den moralske plikten Sp har til å lage ei overgangsordning. – Eg er overraska over at statsråden ikkje hadde med seg ei nyhet om at alle småkraftverkverk skal få vere med. Sp har ein moralsk plikt til å innfri forventningane, seier Lødemel som meiner det er arrogant av statsråden å ikkje svare betre på direkte spærsmål om kva for samla vurdering som ligg bak avgjerda.

Opposisjonen fremma måndag ei sak i Stortinget om å lage ein overgangsordning slik at alle kraftverk sett i drift etter 2004 kan vere med.
– Men etter dette er eg ikkje så optimistisk til at vi får igjennom saka, men Høgre vil presse Regjeringa til å innfri tidlegare lovnader, seier
Bjørn Lødemel.