Overføringsnettet i Norge er som ein pasient med høgt blodtrykk, meiner Statnett. Det går bra så lenge nettet ikkje blir overbelasta, men marginane minkar. Direktør Strategi og samfunnskontakt i Statnett, Erik Skjelbred, meiner vi har eit svakt nett med små marginar i Norge. -Nettet skal vere så sikkert at vi alltid kunne ha ein komponent ute utan at straumen forsvinn, men det har vi ikkje i dag. Derfor må vi bygge meir nett. Andre land kan ha to komponentar som fell ut samtidig utan at det får følgjer for forbrukarane.
Norge er no delt opp i fem prisområde. I vinteren i fjor var prisforskjellen oppe i 10 øre. Det er ein indikasjon på at Statnett må bygge betre overføringsliner.
– Vi må bygge nett, men skal ikkje bygge ned alle prisforskjellar. Litt må vi tåle, meiner Skjelbred.
Statnett har ulik kapasitet til å ta imot småkraft i dei ulike delane av landet. Problema er størst på vestlandet og i Nord-Norge.
Ein metode for å auke kapasiteten kan vere å auke spenninga på overføringslinene.
– Vi kan auke spenninga på ein del liner ved å bytte isolatorar, men nokre stader må heile lina byttast ut, seier Erik Skjelbred.