78 småkraftverk fekk konsesjon hos NVE i 2010. Kapasiteten er auka, men etterslepet er framleis stort. Søknader som kjem inn no kan ikkje rekne med å kome til saksbehandlar før i 2013. Søknadsmengden har vore stor dei siste åra.- I toppåret 2007 kom det inn 216 søknader, men det blei bare behandla 60. Derfor er etterslepet betydeleg, seier Eirik Bjerke Thorsen i NVE.
Nyleg kom ein ny søknadsmal som søkarar blir oppmoda om å sjå på.
– Opp mot 20 % av miljørapportana blir underkjent og må gjerast på nytt. Då er kravet at ei ny undersøking blir utført av nokon andre enn dei som laga den opprinnelege rapporten. Søkarar har mykje igjen for å lage gode søknader, seier Thorsen.