Avklarande møte med Tussa Nett

Etter at OED nyleg avslo Småkraftforeninga si klage på saneringsløyva NVE hadde gitt Tussa Nett for 66kV-lina Haugen-Straumshamn, var det klart for eit avklarande og konstruktivt møte mellom nettselskapet og småkraftbyggarane i Austefjordsområdet. OPPSUMMERING FRÅMØTE OM NETTLØYSINGAR FOR SMÅKRAFT FRÅ AUSTEFJORDOMRÅDET

28.april 2011 på Tussa i Hovdebygda

Til stades:
Rune Kiperberg, Arve Hovdenak og Tone Sundklakk frå Tussa Nett AS , Henrik Glette frå Småkraftforeninga, Gunnar Høydal , Trond Ryslett og Hans Peter Eidseflot frå småkraftutbyggjarane i området.

Bakgrunn for møtet: det er planar om fleire nye småkraftverk i Høydalen, Bjørkedalen og på Straumshamn i tillegg til eksisterande småkraftproduksjon i Austefjord-området. Møtet gjaldt nettløysingar for denne kraftproduksjonen, etter at OED 08.04.11 gjorde endeleg vedtak om saneringsløyve for 66 kV-linja Leivdal – Haugen.

Partane tek saneringsvedtaket til etterretning. Tussa har ikkje avgjort når saneringa skal utførast, men fjordspennet vil verte prioritert pga tilstand og risiko.

Nettbehovet vart drøfta:
• Gunnar Høydal la i forkant av møtet fram eit oversyn over planane i Høydalen, med seks aktuelle tiltak. Fem av dei har konsesjonsplikt og eitt har fritak frå konsesjonsplikt.

• På Bjørkedalen vart konsesjonane til dei to verka påklaga til OED i juni 2010.

• På Straumshamn opplyser Magne Sollid at dei har levert ein ny søknad på Botnaelva for ei redusert utbygging, årsproduksjon var så vidt ein kunne hugse rundt 5,5 GWh. Denne vert ikkje handsama av NVE før linjekapasiteten er utbetra.

• For Straumselva og i Skinvik elva øvre er der potensiale, men ikkje konsesjonssøkt noko enno.

Tussa gjennomgjekk eksisterande nettstruktur i området og orienterte om mål, flaskehalsar og planlagde tiltak. Tussa la også fram eit førebels kostnadsoverslag for dei aktuelle tiltaka i linjenettet, med anslått pris, småkraftprodusentane sin andel samt levetid for tiltaka.

To alternativ for ny kryssing av Voldsfjorden er vurdert, jf. Tussa sitt kart over mogleg framtidig nettstruktur. Eit alternativ med sjøkabel ved Høydalsneset er forkasta pga for liten kapasitet i kablane som går gjennom Rotsethorntunnelen. Det realistiske alternativet er difor ein ny sjøkabel frå Krumsvikneset til Volda. Tussa Nett har rekna at kostnaden med denne kabelen vert delt 50-50 på ordinær forsyning og på ny kraftproduksjon.

Det må også gjerast ei ordinær fornying av eksisterande 22 kV-linje Straumshamn – Folkestad, og dette planlegg Tussa å utføre i 2012. I fylgje Tussa vil detteog ny sjøkabel i sum gje kapasitet til både ny og eksisterande produksjon, og tiltaka vil også gje tapsoptimalisert drift.

Ordinær fornying av linjenettet til Bjørkedalen vil truleg verte fullført i 2011. Der vil då vere plass til den nye kraftproduksjonen også.

Linjenettet frå Straumshamn til Høydalen vil ikkje ha kapasitet til å ta imot all den planlagde nye kraftproduksjonen i Høydalen evt oppgradering av denne linja vil verte relativt kostbar for utbyggarane. Kapasiteten på eksisterende 22 kV ledning var ikkje kjent eller berekna.

Utbyggjarane og Tussa Nett skal difor i samarbeid sjå på aktuelle løysingar i nærområdet der, alternative transportretningar samt prioritering / rekkefølge for dei aktuelle utbyggingstiltaka.

Anleggsbidraget for tilknyting av ny kraft som følge av saneringsvedtaket varrt i møtet berekna til å vere om lag kr 9, 5 mill, I denne summen er der kr 4 mill til sjøkabel over Voldsfjorden og ca kr 6 mill i kapasitetsauke på strekniga Straumshamn – Høydal.

Dersom det vert endringar i reglane slik NVE har føreslått, vil det medføre ytterlegare kostnader for utbyggarane på rundt 50% eller rundt 4 millionar.
Det vart ikkje lagd fram ei konkret plan for sanering av 66 kV linja Straumshamn – Leivdal, og det vart antyda at deler av den kunne verte ståande lenger for å kunne ta unna produksjonen frå Austefjorden.

Småkraftutbyggjarane tok framlegget tilnettløysing og kostnadsdeling til orientering og vil komme med tilbakemeldinger og innspel. Det vart understreka frå begge partar at det no er viktig med god og konstruktiv dialog, slik at ein kan få realisert utbyggingane. Før Tussa kan setje i verk dei skisserte tiltaka i nettet, er dei avhengige av at det føreligg tilstrekkjeleg konkrete planar og konsesjonar. Byggetida for tiltaka vert relativt kort, slik at dette vil ikkje verte ein flaskehals for idriftsetjing av nye kraftverk.