Småkraftdagane 2012, 20.-22. mars i Ålesund

No er det nok ein gong klart for Småkraftdagane 2012 på Rica Parken Hotell i Ålesund 20 – 22 mars. Småkraftmessa med 60 utstillere er ei av dei største fagmessene for små kraftverk i verda. -Med sertifikata på plass ventar vi rekordoppslutning, seier dagleg leiar Henrik Glette i Småkraftforeninga som arrangerer messa. –Det er allereie eit massivt trykk frå leverandørar som vil melde seg på med stand, og programmet er meir omfattande enn nokon gong.

Småkraftdagane er retta mot medlemmer i Småkraftforeninga, private og offentlige kraftselskap som bygg ut små kraftverk, konsulenter, entreprenører, firma som leverer tjenester og utstyr og den offentlige forvaltning. Småkraftforeninga sine medlemmer har over 220 kraftverk i drift, og heile 400 små kraftverksprosjekt under planlegging, deltakinga siste åra har lagt mellom 400 og 500 personer.

Den 20. mars inviterar NVE til småkraftseminar på Rica Parken i Ålesund.

NVE sitt småkraftseminar tar for seg informasjon om konsesjonsbehandlinga, hydrologi, elsertifikat, nettilknytning, dimensjonering av små kraftverk og miljøtilsyn i bygge- og driftsfasen med meir. Dette er ei god anledning for bransjen å oppdatere seg og skaffe seg topp kunnskap fra NVE sine fagfolk om småkraftutbygging, kurset er gratis.

Den 21. mars er sett av til politikk og rammevilkår og den 22. mars er det nett og tekniske emne som er på agendaen.

Den 22. mars er det også egen vindkraftsesjon med foredrag og presentasjoner av vindkraft fra a til å.

Fagseminaret blir avslutta med busstur til Giskemo/Valgermo kraftverk og Brattvåg kraftverk pluss tur til Dyrkorn kraftverk med Norge sitt første Coanda inntak.

Sett av datoane no, for dette må du ikkje gå glipp av !