Finansdepartement på kraftverksbesøk

Statssekretær Kjetil Lund fra Finansdepartementet var fredag 26. januar på besøk i Sogn og Fjordane. Her fikk han mellom anna sjå fleire småkraftverk som var bygde mindre enn dei kunne vore for å tilpassast grunnrenteskatten. På besøk hos Jens Skjerdal fekk han sjå eit flott kraftverk som er med på å sikre at det nå bor tre generasjonar i den veglause bygda Skjerdalen i Gloppen. Likevel er ikkje kraftverket optimalt bygd. Verten kunne fortelje den ivrig lyttande og spørrande statssekretæren at det var ressursar i elva og konsesjonen til å bygge eit kraftverk med opptil sju megawatt installert effekt, men at han rekna på det og det var betre økonomi i å byggje under grunnrentegrensa på fem megawatt.
Statssekretæren var og på besøk hjå Byrkjelo Kraft, som tidlegare har hatt møte med han i departementet i Oslo. Dei vart landskjende når Nationen kunne fortelje at dei eit år betalde 141% skatt.

Lund var på besøk saman med dagleg leiar Henrik Glette i Småkraftforeninga for å besøke kraftverk og lære meir om kva desse betyr for lokalsamfunna, samstundes som han ønske å få innspel til arbeidet med skattesystemet for kraftverk.

I statsbudsjettet for 2012 varsla regjeringa ein gjennomgang av systemet med innslagspunkt for grunnrenteskatt. Slik den er i dag, legg systemet til rette for at det vert bygd ut suboptimale kraftverk, kor det same naturinngrepet produserer mindre fornybar energi enn det kunne ha gjort. I samband med dette ville og departementet ha ein open og god dialog med næringa.

Det er nedsett ei gruppe med medlemmar frå Finansdepartementet, OED og NVE som skal sjå på denne utfordringa, og eit høringsdokument er varsla nærare sommaren.