Småkraftnæring med vind i segla

Ingen andre stadar i verda kan du møte like mange utbyggjarar, fagfolk, politikarar, leverandørar og entreprenørar i småkraftbransjen som på Småkraftdagane i Ålesund. Og for første gong er også vindkraftbransjen med. – Vi er ikkje vane med å tenkje på vind når vi snakkar om småkraft i Noreg, seier dagleg leiar i Småkraftforeninga Henrik Glette, – men vinden er på full fart inn, også i småskala kraftproduksjon. Og det har vi sjølvsagt fått med oss. Småkraftdagane er eit unikt høve til å bli kjend med dei som held på med vindkraft, å komme seg vidare med planane om å setje opp eigne vindmøller, og ikkje minst til å lære meir om grøne sertifikat.
Dei som ønskjer det kan bruke heile den siste dagen på småkraftbransjens årlege fagkonferanse på å lære meir om småskala vindkraftproduksjon. Her kjem vindmølleleverandørar og vindparkutbyggjarar og snakkar om dei moglegheitene som no har dukka opp i denne marknaden, både teknologisk og når det gjeld støtteordningar. Men også dei utfordringane som vindkraftutbyggjarar møter og må løyse, blir tekne opp.

– Vi har utvikla mykje kunnskap og mykje røynsle når det gjeld å byggje ut små vasskraftverk i Noreg gjennom dei siste tiåra. Med vindkraft kjem det nye utfordringar, men det kjem også store nye moglegheiter. Då er det viktig at vi er tidleg på plass og delar dei røynslene som fins og byggjer nye kontaktnettverk mellom grunneigarane, fagmiljø og leverandører, seier Glette.

Småkraftdagane er eit årleg arrangement, og det er det største fagarrangementet for småkraftnæringa i verda. I år har 500 deltakarar og 60 utstillarar meldt seg på. I tillegg til vindkraftspørsmål blir ei stor breidde av tema som er viktige for småkraftbransjen dekka i løpet av det tre dagar lange programmet. På Småkraftdagane blir viktige energispørsmål, politiske så vel som teknologiske og juridiske, tekne opp på småkraftbransjen sine eigne premissar, og det meiner Småkraftforeninga er avgjerande for konferansen sin suksess.

– Småkraftdagane er blitt ein stad kor ledande fagfolk og politikarar må vere for å kome i kontakt med heile næringa. Er det noko problemstilling som er viktig for folk som jobbar med eller interessert i småkraft, så kan ein kjenne seg trygg på at den problemstillinga vil bli teken opp på Småkraftdagane. Det er det ingen i bransjen som vil gå glipp av, seier Henrik Glette.

Småkraftdagane går av stabelen i Ålesund 20.-22. mars, og årets hovudtalar er Per Sanderud, direktør i NVE.

Les meir og meld deg på her: http://kraftverk.net/visside.php?id=11