Småkraftdagane 2012 i Ålesund er no i gang med over 500 deltakarar. Heile 63 utstillarar er på plass for å vise fram tekniske løysingar.- Eg er imponert over leverandørane og alt dei greier å vise fram, seier styreleiar Trond Ryslett. Gjennom tre dagar får deltakarane påfyll av fagleg nytt gjennom ei rekke foredrag. Torsdag blir det heile tre parallelle sesjonar, blant anna ein eigen sesjon om vindkraft.
-Det blir utveksla kompetanse som alle veks på. Eg reknar også med at utstillarane får godt besøk på standene sine. Dei viser at me er i verdsklasse med utvikling av teknikk til småkraftverk, seier Trond Ryslett.