– Får du friarar på døra som vil byggje ut elva di, så er det ei teikn på at du eig ein ressurs du kan utnytte sjølv, sa Terje Engvik frå Bondelaget, og oppmoda grunneigarar til sjølv å ta utbyggingsregien på eigen grunn. Engvik jobbar til dagleg med å rådgje medlem i Bondelaget som eig fallrettar som kan bli til småkraftverk, og var tydeleg på at det som oftast ikkje er naudsynt å la andre ta regien over utbygginga. Og Bondelaget stiller opp og gjev gode råd på vegen.
– Det krev ingen spesiell kompetanse å starte sitt eige selskap og bygge ut fallrettane sine sjølv, men det krev at ein er motivert til oppgåva, at ein har den tida som trengs for å komme i gang, og det krev eit godt samarbeid mellom alle grunneigarane som er involvert, sa Engvik.
Han påpeika også at når det er store investeringar inne i bildet, så er kvalitetssikringa veldig viktig. Han hevda at det i dei fleste tilfeller er tilrådeleg å gjere jobben sjølv heller enn å leige bort rettane sine til eksterne utbyggarar.