NVE: Kostnadsgrunnlag for vasskraft vert gratis

NVE sluttar å ta betaling for kostnadsgrunnlaget for vasskraftverk, og legg dette ut til gratis nedlasting. Grunnlaget er nyttig ved planlegging av vasskraftverk. Kostnadsgrunnlaget finst for små og store kraftverk, og på norsk og engelsk. NVE har fått dette utarbeidd i ei årrekkje, og grunnlaget er ein viktig referanse for kraftbransjen.
Den siste utgåva har prisnivå 1.1.2010 og er utarbeidd av konsulentselskapet Sweco.

Her kan du lese meir og laste ned kostnadsgrunnlaget: http://www.nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Nyheter/Kostnadsgrunnlag-for-vasskraft-vert-gratis/